top of page

Vinter og baby - kva må du vite?




Klede

Lagvis: Ull/Bambus + fleece/ull + vind/vassavvisande (dress eller vognpose).

Hugs å kle av baby om du går inn (på kafé, kjøpesenter osv).

Pass på at kleda ikkje stramar og at det er litt luft inni sko/tøflar.

Dekk særleg til hals og hovud her er det stort varmetap.

Hugseregel: Det same som deg, pluss eit tynt lag.


Bil

Ikkje tjukke klede på: Då får ein ikkje strama selane nok. Det skal ikkje vere tjukt stoff mellom baby og selane. Du kan evt. ta av jakka og legge den på igjen baklengs, etter at selane er på og stramma.

Bruk tynn heildress: Fleecedress eller ulldress går greit.

Pakk baby inn i teppe på veg inn i bilen, ta vekk og legg heller teppet over beina igjen etterpå. Ikkje for nært ansiktet.

Tips: Legg varmeflaske i setet på førehand.


Vogn

Med ullfell nederst får du god temperaturregulering.

Få på refleks på vogna (band og klistremerke til dømes). Det finst også blinkelys som kan vere lurt å få på. Og hugs refleks på deg sjølv!

Pass på at baby ikkje blir for varm med eigne klede og vognpose/dyne, med å jamnleg kjenne på temperaturen i nakken.

Ikkje dekk til vognopning med teppe, det hindrar god luftsirkulering og aukar risikoen for krybbedød.


Bæretøy

Hugs at din kroppsvarme tel som eitt lag med klede.

Kle på baby lagvis. Deler ein yttertøy og kroppsvarme treng kanskje baby berre hue og tjukke lubbar.

Bruk bærejakke eller bæreomslag/teppe utanpå baby.

Pass på at strømpebukser eller heildressar ikkje er for stramme men gir luft rundt kne og nedover mot føttene.

Pass på frie luftvegar alltid, men ekstra når det er mykje tøy rundt ansiktet.


Kva er for kaldt?

-10 effektive kuldegrader

Babyar bør ikkje vere lenge/sove ute ute om det er kaldare enn -10 effektive kuldegrader. Om det er vind og surt kan effektive grader vere kaldare enn gradestokken.

Kjenn i nakken på baby om temperaturen er fin, og kle av baby om hen svettar – og kle på baby om hen er kald.

Kuldekrem og tørr hud

Dei fleste treng ikkje kuldekrem. Om baby har tørr hud, kan du bruke ein feit krem.

Smør på minst 30 min før ein går ut, så det rekk å fordampa.

Avgrens antal bad om baby har tørr hud og bruk badeolje.


Overoppheiting

Talet på plutseleg spedbarnsdød stig i vintermånadane.

Truleg fordi det då er mykje ekstra tøy og stoff, både inne og ute, som kan føre til dårleg luft og overoppheiting.

Sjekk jamnleg temperaturen i nakken innimellom, – både inne og ute. Også i soverommet, der det er lett for å pakka inn baby for mykje.

Hugs å opne vognpose, ta av lue og regulere om du går innandørs på kjøpesenter og kafé.


Pulk

Baby bør vere over seks månadar fordi så små babyar regulerer temperaturen dårleg på eigahand.

Det bør ikkje vere under minus 10 grader, særleg om det blåser.

Ikkje pakk barnet for tett inn, og sjekk frie luftvegar.

Unngå for hardt føre. Risting kan føre til kvalme og vondt i ryggen.

Sjekk inn med barnet ofte, og ta mange pausar.



Comments


bottom of page