top of page

Velkomen til barnekvardag!

Hei, og velkomen til @barnekvardag !


Det finst så uendeleg mykje informasjon der ute om foreldrerolla og barn og baby. Men nettopp difor kan det også vere litt vanskeleg å vite kva ein må (!) vite og ikkje.

Barnekvardag skal vere eit slags førstestopp på vegen. Her er det grunnleggande, innanfor alle tema. Det du må kunne, det du vil spørje om i barselgruppa, det du skulle ønske nokon fortalde deg.


Målet er å kunne gi alle så enkelt tilgjengeleg informasjon som mogleg. At det blir litt enklare å navigera i all kunnskapen, og at ein kan dele informasjon som elles ofte blir delt i lukka forum som barselgrupper, familie og blant vener.


Kvar einaste dag er det småting som dukkar opp, som ein lurer på. Ofte dei små, praktiske kvardagstinga som kanskje ikkje helsestasjon eller familie tenker at dei treng å fortelje deg.

Og eg googlar som ein gal. Gjer altfor mykje research på alt. Leser alt eg kjem over og greier ikkje å la vere. Så då tenkte at eg kan jo i alle fall dele det eg finn ut av!


Og så håpar eg at du vil vere med å dele spørsmål du kanskje ikkje har turt å spørje om, ting du skulle ønske nokon fortalde deg eller bare dele gode, praktiske #barnekvardagstips og triks som fleire burde vite om!


Velkomen! ❤️



Del gjerne med nybakte foreldre eller andre som kan ha bruk for det 🙏😍

Commentaires


bottom of page