top of page

Utstyrsliste:Det du faktisk treng til babyen

Oppdatert: 22. mar. 2023



Gratulera med positiv test! Det kan vere både stas og stress å byrje å tenke på alt som skal skaffast til babyen, men kva treng du eigentleg? Kva er lurt å tenke på? Kva er kjekt å ha, men ikkje nødvendig? Kva kan du kjøpe brukt? Kva kan du vente litt med?


Sånn heilt ærleg: du klarar deg eigentleg med ekstremt lite, om me skal snakke om kva du faktisk MÅ ha: ein stad å sove, litt klede, bleier og klutar, deg sjølv.


Elles kjem det jo mykje an på å om familie og vener kjem til å ville kjøpe litt, om du får ein gulpebaby eller ikkje, kor redd du er for å ta på ein nyfødd og meir. Men dette er det eg meiner du bør ha og kva som kan vere lurt å tenke på.


MUST HAVES til baby

(Vil du berre ha ei sjekkliste, scroll deg nedst i innlegget!)


Klede:

  • 5/6 stk: omslagsbody:

    • Gjerne i ull eller bambus, særleg om det er eit vinterbarn men ull er temperaturregulerande så tynn ull /silkeull er nydeleg på sommaren.

    • Feks 3 i bomull og 3 i ull, eller alt i ull (ver obs på at ikkje alle tåler ull, så det kan vere lurt å ha noko i bambus/bomull).

    • Korte ermer om det er varmt, lange ermer om det ikkje er så varmt

    • Hugs at babyar under 1 år ikkje skal vere i direkte sollys, så om baby blir fødd på vår/sommar kan det vere lurt å ha litt klede som dekker armar og bein.

    • Omslagsbody kan du opne heilt, legge ned og så legge baby oppå og pakke baby inn i bodyen og lukke med knappar langs magen. Andre bodyar har opning på skuldrene og er meint til å tre over hovudet på baby – men: du kan faktisk ta desse på via rumpa og oppover også.


  • 3 stk: Strømpebukse eller bukse+sokkar. Nokre synest strømpebukse er enklast, andre synest bukse+sokkar-komboen er enklast.

  • 3 stk: Pysjamas med eller utan fot. Mange foretrekker glidelåslukking og ikkje knappar, sidan det går raskare og enklare.

  • 1 – 3 stk: Heildress, gjerne ein i mjuk bomull, og ein i tynn ull/fleece som kan brukast som mellomlag og i bilen.

  • 1 stk: Utedress, gjerne med klaffar som kan trekkast over hender og føter som vottar/tøflar.

  • 1 – 2 stk: Tynn lue til føden – alle nyfødde skal få på lue rett etter fødselen og denne kan få noko blod på seg. Høyr med sjukehuset kor lenge dei skal ha på tynnź lue inne. Ikkje ha på lue inne etter du kjem heim frå sjukehuset.

  • 1 stk: Utelue – sjå an årstid og temperatur men det bør vere noko vindstoppande.

  • Vinter: Vottar (2 par), fotposar (1 stk), balaclava (1 stk), hals (1 stk), lue med vindstopping (1-2 stk), tjukke sokkar/ullsokkar til å ha på ute (1-2 stk).

  • Kjekt å ha: eit fint hentesett/fint klessett til foto, heimestrikka klede

Stelleutstyr:

  • Stellepute/stelleunderlag

  • 5-10 stk +: gulpeklutar/ammeklutar

  • Tre pakkar bleier: ha minst tre pakkar i hus til fødsel i str 1. og evt. 2.

  • Tørrserviettar (meir skånsomt enn våtserviettar, særleg når det blir så hyppige vaskar som i starten). Dypp i lunka vatn før du brukar det på barnet.

  • Evt. våtserviettar (til du er på farta)

  • Neglesaks, eller endå betre: elektrisk negletrimmar (så du slepp å ha angst over å klippe barnet i fingeren!)

  • Bag/veske/sekk til å ha stelleutstyr og klesskift med

  • Kjekt å ha: stellesalve, babyolje, termometer, nesesugar/naserensar, saltvannsnesedråpar, badekar/badedbalje til nyfødd

Soveplass:

  • Eiga bedside-seng til baby, eller di seng

  • Fast madrass (enten du skal samsove, eller baby skal ha sprinkelseng eller bedsidecrib). Kjøp ny madrass om det er til baby åleine, ikkje kjøp babymadrass brukt.

  • Tisselaken (enten du skal samsove eller til baby åleine. Til samsoving er det også effektivt mot melkelekkasjar frå puppene). Unngå bruk av tisselaken med plast.

  • 3 stk: laken til babyseng

  • Babydyne og dynetrekk eller sovepose som gir høve til at baby kan ha hendene frie/ta dei til ansiktet for å finne roen.

  • Hugs at babyar ikkje skal sove med unødvendig mykje tøy og stoff rundt seg, særleg når dei ikkje er under oppsyn. Det vil sei at du bør droppe babynest, sengekant, bamsar og pute på natta.

  • Eit tynt teppe, gjerne i ull

  • Kjekt å ha: babynest, koseklut, babycall

Vogn:

  • Vogn (best om den kan vendast mot foreldrene også med sittedelen og at sitteddelen har fotbrett, at den har litt lang kalesje, at den er enkel å slå saman og passar til ditt bruk).

  • Vognpose eller dyne til å ha rundt barnet i vogna

  • Innstektsnett/myggnett

  • Regntrekk

  • Refleks: hugs at vogna også må synast i mørket! Det finst refleksklistremerke, regntrekk med refleks og refleksband å feste på vogna.

  • Kjekt å ha: Organizer (veske til styret på vogna til å ha småting som vannflaske, mobil, lommebok, vottar, osv.), lammeskinn til å ha nedst i vogna året rundt, håndmuffe, UV-paraply, vognleike/rangle

Amming:

  • Ei vakuumpumpe/håndholdt pumpe (det er ikkje nødvendig å investere i stor, dyr, elektrisk pumpe om du ikkje veit om du treng det)

  • 1-2 stk: flaske/kopp. (Bruk toppen på ei tåteflaske, eit medisinbeger, drikkebeger («nebbkopp») eller liknande dersom baby må få melk på kopp i starten).

  • Gulpeklutar/ammeklutar

  • 2 pakkar ammeinnlegg (nattinnlegg holder på mest lekkasje, om du treng det). Finst i eingongsvariant og i bambus. Finst også innlegg i ull, desse absorberer ikkje så mykje melk, men er med på å halde varmen. Nokre må bytte slike innlegg 15 gonger i døgnet i 1 år, andre treng eit par i ei veke eller to.

  • 2-6 stk: Ammevennleg BH

  • Ammevennleg topp/tøy (nokre likar ammetoppar, andre brukar berre vanlege toppar og drar opp/til sides).

  • Kjekt å ha: silverette, salve (Medela Purelan), eit par småboksar ferdigblanda morsmelkerstatning for nyfødde.

Flasking (om du ikkje skal amme):

  • 5-10+ stk: flasker (med færrast mogleg delar som må vaskast og steriliserast)

  • Flaskebørste til å vaske flasker

  • Melkeposar til å fryse melk

  • Sterilseringsbag til mikro, mikrosterilisator eller ein eigen steriliseringsmaskin

  • Termos (nokre likar å ha to stk: ein til varmt ein til kaldt vatn).

  • 1 – 2 doseringsbeger

  • Evt. elektrisk pumpe om du skal pumpe/delamme. Pass på å sjekke at du får rett storleik på trakta til dine brystvorter!

  • Kjekt å ha: store skåler/boller til å legge til vask, flaskevarmar, vannkokar med termostat, stor kjele (om du ikkje har steriliseringsmaskin), nokre boksar ferdigblanda MME til dei første vekene, stor mugge (til kokt vatn som blir avkjølt og sett i kjøleskapet), baby brezza-maskin/tommee tippee perfect prep (ver obs på at desse ikkje varmar opp vatnet til 70 grader+, slik anbefalingane er).

Anna:

  • Bæretøy! Enten elastisk bæresjal, bæresele eller vevd bæresjal. Her får du tips til kva du burde velge!

  • D-dråpar (skal stå i kjøleskapet). Skal giast til baby frå baby er 1 veke gamal til 12 mnd. Les meir her.

  • Skei/kopp/sprøyte til å gi d-dråpar. Evt. kan du prøve å dryppe det inn i munnen.

  • Bilstol som får rett helling (40-45 grader) i din bil + solbeskyttelse til vindu. Sjekk ut FB-gruppa «Bilstoler» for tips.

  • Sitronsåpe, genialt til å få bort bæsjeflekkar og andre flekkar!

  • Kjekt å ha: Smokk, leikematte, slyngevugge, babygym, hånd- og fotavtrykkspakke, babybok.


Klikk her for å laste ned sjekkliste for utstyret til å printe ut eller lagre på mobilen:



Comments


bottom of page