Slik skriv du fødebrev
- Ingvild Eide Leirfall
- 8. mai 2023
- 7 min lesing
Oppdatert: 27. mai 2024
Alt du må vite om fødebrev!
Kva er eit fødebrev?
Eit fødebrev er ein post-it-lapp eller eit tosiders-skriv eller kva du vil med litt info om deg og dine ynskjer for fødselen. Du kan skrive for hand, eller på PC og printe ut. Eit fødebrev kan ha mange ulike namn: ønskebrev, fødselsplan, brev til jordmor osv.
Kvifor skrive fødebrev?
Det er heilt valgfritt å skrive fødebrev, men her er nokre grunnar til at det kan vere lurt:
For din og partnar sin del: Det viktigaste med fødebrevet er nesten den mentale jobben ein gjer når ein skriver det. At ein sjølv må tenke litt og prate med fødepartnar om kva ynskjer og tankar ein har, undersøke ting ein lurer på, prate med jordmor og sjå for deg fødselen. Å finne ut av dine forventingar, ynskjer og behov. I tillegg er det ikkje sikkert du greier å formidle så mykje under sjølve fødselen, så då kan det vere fint å vite at du får formidla det viktigaste for deg likevel og at fødepartnaren din veit kva som er viktig for deg.
For jordmor sin del: Sidan dei fleste møter ei heilt ny jordmor under fødsel enn ein har hatt under svangerskapsoppfølginga, er eit fødebrev ein perfekt speed date for jordmor til å bli bedre kjend med deg og dine behov. Jordmødre foretrekker sjølvsagt også å kunne kjenne deg best mogeleg, for å kunne hjelpe og støtte best mogleg.
Hugs at ingenting er feil eller flaut å skrive eller be om - for du har aldri gjort dette før. Brevet kan vere ein post it-lapp med eitt punkt, eller eit fint utarbeidd skriv med fargar og frontar på to sider. Men kanskje maks to sider, så det ikkje blir altfor mykje for dei å lese gjennom.
Når bør ein skrive fødebrevet?
Det er fint å starte med arbeidet rundt fødebrevet til dømes mellom veke 20-35, men det er aldri for seint eller for tidleg! Ein del av arbeidet er jo eigentleg å førebu seg til fødsel genrelt, og få info som gjer at du lettare kan skrive ned nokre ønsker og valg du har teke. Du kan lese bøker, høyre podkastar, lese på nett og ta fødselskurs.
Du kan også førebu deg saman med jordmor på helsestasjonen. Kontrollen i veke 36 skal handle om fødsel, så ta med spørsmål de måtte ha om fødsel og barsel, men snakk gjerne også om det tidlegare. Om ein kjenner at fødsel er eit uromoment, så snakk med jordmor om dette og høve til å få komme på sjukehuset og sjå fødeplassen i god tid før fødsel. Du kan fint spørre jordmor om hjelp til å skrive fødebrevet, eller om å lese gjennom det når du har skrive det.
Kva skal med i fødebrevet?
Det finst ingen fasit på dette, det som må med i brevet er akkurat det du vil.
Forslaga nedover kan følast overveldande og mykje ut. Her har eg prøvd å ta med alt eg kunne kome på, og det er jo ein del fordi me alle er ulike og har ulike ting me set som viktigast.
Du treng med andre ord ikkje ha med alle desse punkta og all mogleg informasjon, men dette kan vere ting som er fint å tenke på og evt ta med om det er viktig for deg.
Fødebrevet kan vere alt i frå tre linjer, eller to fulle A4-ark.
Forslag til ting å ta med og spørsmål å stille deg sjølv:
Litt om deg/dykk:
Navn
Alder
Kor lenge de har vore saman
Er det første, andre, tredje barn?
Kva førebuing har de gjort?
Veit de kjønn og/eller navn?
Foventing til fødselen og tidlegare erfaringar:
Kva tankar har du om fødselen og det å skulle føde?
Er det noko du gruar deg til eller er redd for?
Korleis har tidlegare fødslar vore?
Har du tidlegare negative erfaringar som kan påvirke deg i situasjonen? Til dømes overgrep eller dårlege erfaringar med helsevesenet?
Kva tankar og tidlegare erfaringar har fødepartnar? Kva er hen redd for? Kva treng hen for å føle seg trygg?
Smertelindring:
Kva ynskjer du i utgongspunktet av smertelindring?
Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å vite når ein aldri har fødd før, men du har kanskje nokre tankar om det likevel. Og hugs at ingenting er skrive i stein, så om du ombestemmer deg når fødselen faktisk er i gong, er det berre å sei i frå om det. Du kan også skrive at du ynskjer eller ikkje ynskjer tilbod om medisinsk smertelindring.
Smertelindring kan feks vere:
Varmt vatn
Varme klutar
Massasje
Mottrykk på kroppen av partnar/jordmor
Akupunktur
Bevegelse
Steriltvannspaplar
Akupunktur
TENS
Lystgass
Epidural
Spinalbedøvelse
Opiodar
Pudendalblokade
--> Les meir her.
Ynskjer og førebuing du har gjort:
Har du tatt fødekurs? Kva kurs?
Kva er viktig for deg som du tek med frå kurs eller anna førebuing du har gjort?
Kva treng du for å føle deg trygg og avslappa?
Fødestillingar: Lær deg litt om ulike fødestillingar, trur du du ynskjer noko spesielt, å vere i bevegelse, badekar, ligge i seng eller stå, pusteteknikkar
Ditt forhald til blod, smerte osv.
Språk: kanskje ynskjer du ikkje bruk av ordet smerte, vil snakke om bølger i stadenfor rier, kanskje vil du eller vil du ikkje få vite antal cm opning, kanskje vil du ha språkleg fokus på framgong, kanskje er det viktig for deg å få skryt og kommentarar undervegs, eller kanskje ynskjer du minst mogleg snakk i rommet?
Intervensjonar: Vil du helst unngå å få riestimulerande drypp, vil du/vil du ikkje få klipp? Vil du ha klyster, eller ikkje?
Partnar si rolle:
Har du med medforelder eller nokre andre som støtteperson, og kva skal rolla deira vere?
Ynskjer du at dei skal snakke på vegner av deg? Eller få informasjonen og så gi den til deg?
Treng dei informasjon på engelsk?
Kva er partnar redd for eller treng partnar for å kunne bidra best mogleg?
Informasjonsbehov:
Nokre likar å få mest mogleg informasjon, medan andre vil ha minst mogleg. Kven er du? Kva med partnaren din? Du skal få spørsmål om alle intervensjonar før dei evt blir gjort, men dette kan også presiserast om dette er ekstra viktig for deg.
Studentar:
Nokre stader er det aktuelt med studentar i rommet. Trur du at du tenker at det går fint, eller ynskjer du det ikkje? Igjen så er det lov å ombestemme seg i situasjonen. Ein kan til dømes skrive at studentar i utgangspunkt er greit, men at du vil ha spørsmål om det blir aktuelt.
Oppfølging/støtte frå jordmor:
Vil du at jordmor skal vere der heile tida, eller vil du vere med åleine/med partnar?
Vil du at jordmor skal vere hands on på kroppen din, eller helst ikkje?
Vil du at partnar skal ta mest mogleg av oppfølginga?
Er det spesielle ting du ynskjer jordmor skal hjelpe med som å minne dykk om å drikke, ete, ta bilder?
Ynskjer du mykje eller lite tilbakemeldingar frå jordmor på innsats og tips?
Overvåking:
Ein skal helst sjekke babyen jamnleg gjennom fødselen, men dette kan gjerast på mange ulike måtar. Har du spesielle ønsker/tankar rundt dette er det fint å få med. Du skal vere med å bestemme kva som blir gjort, så om du er glad i informasjon kan det vere lurt å lese litt om på forhand og/eller spørre i situasjonen om det er noko du lurer på. Dette er ulike måtar å overvåke baby på:
Jordmorstetoskop
Doppler-apparat
CTG (carditokografi)
STAN-fosterovervåking
Ønsker etter fødsel:
Vil du eller partnar klippe navlestreng? Vil de kanskje ha spørsmål om det i situasjonen fordi de ikkje heilt veit?
Vil du/partnar ta imot babyen sjølv?
Vil de sjå morkaka? Vil du ha med morkaka heim?
Vil du ha baby på brystet for breast crawl?
Kva ynskjer du dersom det blir keisersnitt?
Vil du har bedøvelse ved sying?
Vil du ikkje la baby få vitamin K-sprøyte på rutine?
Vil du ikkje ha oxytocin-sprøyte?
Har du tidlegare erfaringar frå etter fødsel som er greit å vite om? Dette kan feks vere blødning, rift, klipp, kateter osv.
Vil du amme? Kva tidlegare erfaring har du med amming?
Har du silikon?
Kva tenker du om morsmelkerstatning?
Vil du ikkje amme, og kva hjelp treng du rundt dette?
Korleis taklar du å vere pasient og be om hjelp?
Er det viktig at nokon tek ein jamnleg sjekk og spør korleis du har det på barsel?
Kva ynskjer har du om å ha partnar på barsel?
Tidlegare erfaring med baby eller deg sjølv i barsel? Sjukdom, behov osv.
Hugs å ta med fødebrevet i fødebagen!
Print ut ein kopi du kan ha med saman med helsekortet, evt også ein kopi til fødepartnar eller send til partnar på sms/messenger/mail så det finst på telefonen også. Partnar kan ha som jobb å gi brevet og gjerne sørge for at det faktisk blir lest, også ved vaktskifte og jordmorskifte. Det går også an å justere litt og ha eit eige fødebrev til partnar med det viktigaste for dei, og kanskje også meir konkret kva du ynskjer at dei kan gjere eller seie for å hjelpe
---------------------
Døme på fødebrev:



Døme på fødebrev til partnar:
For å booste oxytocin:
- vis meg babyklede
- syng med meg, gjerne tostemt
- få meg til å le
- ta på meg
- kyss meg
- stryk på meg
- fokus på å nyte pausane
- Minn meg på å holde hendene, skuldrene og kjeven avslappa
- foreslå å reise meg og bevege meg om eg har vore i senga lenge
- Fortell meg at eg er flink, at eg gjer ein god jobb, at eg får dette til
- Pass på at eg får i meg vatn, snacks andre ting. Spør gjerne om eg vil ha xx.
- Ikkje sei "det går bra" som svar når eg har det kjipt.
- Ikkje diskuter med meg, dette er ikkje tida for det. Bare lytt og sei ja.
- ta deg av kommunikasjon med helsepersonell med mindre eg må
Fortelle jordmor:
- Vil i badekar
- me har tatt hypnofødselskurs. Fokus er å ha det så roleg og avslappa som mogleg.
- Ikkje fokuserer på smerte, men heller snakka om styrke i riene.
- Ha det mørkt, ikkje så mykje mas og få folk. La kroppen jobbe i fred, med lite intervention.
- ligge minst mogleg i ro i senga
- Puste seg gjennom smerten og kanskje til og med puste istadenfor å aktivt presse, i pressfasen.
- Fokus på oxytocin
Dine affirmajsonar:
- I dag blir eg pappa
- Kjærasten min er trygg, babyen er trygg
- Me pustar oss gjennom riene sammen
- Eg hjelper ved å gi kjærlighet og bare være her
- Snart skal eg holde dotter mi inntil meg
Comments