top of page

Mat til barn under to år: kva må du vere forsiktig med?



Honning:

Barn under 1 år skal ikkje ha noko honning, på grunn av faren for spedbarnsbotulisme, ein alvorleg infeksjonssjukdom.

Foreldre og andre som et honning eller produkt med honning bør vaske hendene før dei tek opp barnet.


Kumelk:

Kumelk har lite jern og bør avgrensast i starten for å ikkje oppta plassen til meir jernrike matvarer.

Fram til 10 månadar skal baby ikkje ha noko kumelk i maten, etter 10 månadar kan dei få det i maten og små mengder yoghurt og syrna melk.

Etter 12 månadar kan dei drikke rein kumelk.

  • 0 – 10 månadar: Null kumelk.

  • Bruk morsmelk eller MME som erstatning også i matlaging.

  • 10 månadar: Kan bruke kumelk i matlaging, og gi litt yoghurt (maks 3 spiseskeier) og syrna melk, med lite sukker.

  • 12 månadar: Kan drikke kumelk reint og ete meir yoghurt

Salt:

Sjekk innhaldsfortegnelsen og unngå mat med mykje salt (maks 1/3 teskei salt pr. dag).

Nyrene er ikkje ferdigutvikla og barnet kan difor ikkje regulere saltbalansen godt nok. Sjølv om ein vaksen synest maten er smaklaus, er den ikkje det for barnet. Tilgjengelig forskning tyder dessutan på at eit lågt blodtrykk tidleg i livet heng saman med lågt blodtrykk seinare i livet. For mykje salt kan auke blodtrykket.

Noreg har ikkje eigne retningslinjer på kva som er mykje salt, men dette er Finland sine:

  • Høgt saltinnhald: 1,25 g salt eller mer per 100 g vare

  • Middels saltinnhald: 0,25-1,25 g salt per 100 g vare

  • Lågt saltinnhald: 0,25 g salt eller mindre per 100 g vare (Kjelde: Frukt.no)

Kor mykje salt? 6 månadar: 1,2 g dagleg 6 – 12 månadar: 1,6 g dagleg 1 – 2 år: Maks 2 g dagleg

  • Ei teskei vanleg bordsalt er omlag 5 – 6 gram. Ein baby skal dimed ikkje ha meir enn ca 1/3 av ei teskei dagleg.

Typiske matvarer med mykje salt: – Brød og brødvarer (en av våre hovedkilder fordi vi spiser mye brødmat) – Ost – Spekemat – Kjøtt- og fiskepålegg – Farseprodukter; pølser, karbonader, kjøttboller – Salt snacks; nøtter, chips – Hel og halvfabrikat middagsmat – Kullsyreholdig vann har ulikt saltinnhold – Krydder; buljongpulver og terninger, Aromat, tacokrydder, sitronpepper, piffi og grillkrydder, grillsauaser, soyasaus, fiskesaus (Kjelde: Bare bra barnemat)


Sukker:

Unngå å gi små barn mat og drikke med mykje tilsett sukker som saft og brus, kaker, is og godteri, og nokre av klemmeposane med mat.

Sukker gir mykje energi (kalorier), men ingen viktige næringsstoff som barnet treng.


Ris:

Barn under seks år bør ikkje få rismelk og riskaker fordi disse inneheld stoffet uorganisk arsen som er giftig og kan vere kreftframkallande.

Det kan vere lurt å vere obs på vanleg ris også: skyll risen godt og kok opp med ekstra vatn, og hell av overskotsvatnet etterpå.


Nitrat:

Barn under ett år bør ikkje få grønsaker med mykje nitrat som til dømes spinat, ruccola, rødbeter, bladselleri og nesle. Ein liten smak i ny og ne går fint.

Nitrat finst naturleg i alle planter og vert omdanna til nitritt i kroppen, noko som kan hemme transporten av oksygen. Små babykroppar er særleg utsette fordi nitritten blir veldig fort tatt opp i dei små kroppane. Difor er det lurt å vente med å gi store mengder av dei grønsakene som har de aller høgaste mengdedne nitrat.


Rosiner:

Barn under 3 år bør ikkje ete for mykje rosiner over tid, på grunn av høgt innhald av muggsoppgiften okratoksin A (OTA).

Det er ikkje akutt farleg, men kan føre til nyreskader og vere kreftframkallande på sikt.

Maks 50 gram i veka. Det er ikkje farleg med ein neve rosiner no og då, det er det totale inntaket over ein lengre periode som er viktig å passe på.


Små, harde, faste, runde ting:

Unngå små og harde matbitar som popcorn, druer, nøtter, peanøtter og bitar av rå grønsaker/frukt til små barn, fordi dei kan sette seg fast i luftvegane.

Vil du gi det likevel er det lurt å google korleis, til dømes sjekke Solid Starts. Som regel gjeld det å kutte opp i delar med meir firkanta sider på druer til dømes, dele på langs, eller dele i tynne, tynne, skiver med rå frukt, og pulverisere nøter. Klementiner og appelsin med tjukk og glatt membran, kan også vere vanskeleg så skrell ein og ein båt og ta bort det kvite. Popcorn bør ikkje giast til barn under 5 år pga høg kvelingsfare. Pølser bør kuttast på langs.


Kanel:

Unngå jamnleg bruk av kanel (for eksempel på graut og i form av te) til små barn på grunn av stoffet kumarin, som kan gi leverskade.

Skal du bruke kanel, bør du difor sjå etter Ceylonkanel, som inneheld mykje mindre kumarin enn cassiakanel.

Ein ettåring bør ikkje få i seg meir enn 0,2 gram kanel dagleg.

Comments


bottom of page