top of page

Kva er greia med barsel? Og korleis bør ein forberede seg?

Oppdatert: 25. mai

Dette er verkeleg den tida ein bør forberede seg på, samtidig som det nesten er umulig å skjønne heilt korleis. Likevel er det noko ein burde førebu og planlegge så godt ein kan, slik som ein ville gjort med eit bryllup feks. Dette er ein så stor og sårbar del av livet, og det er lite overskot igjen til å lese seg opp eller planlegge når ein først står der med babyen i armane. 


Det er sjølvsagt store variasjonar i korleis ein opplever denne tida, og det kjem til dømes også an på korleis fødselen var og korleis babyen din er. For nokre er der heilt fantastisk frå start, for nokre er det heilt jævlig, for dei fleste er det nok ein god miks av ein berg-og-dalbane av følelsar og tankar. Og dei fleste kjenner nok på ein unntakstilstand. Det er det jo også, så berre aksepter at i denne perioden er kanskje alt berre kaos. 


Alt.


Babyar har ikkje særleg med døgnrytme og nokre er til og med fødd med feil døgnrytme på dei vesle strekka med lengre søvn kan dermed komme på dagen og ikkje natta. Og det får du ikkje gjort noko med, sånn med det første. Så "sov mens babyen sover" er verkeleg det beste rådet for denne tida, i tillegg til ei innstiling om at det ikkje finst natt og dag i denne perioden, men søvn her og der - også på dei vaksne. Men det betyr også at det er viktig med ei forventningsavklaring ovanfor seg sjølv, men også i parforholdet, og familien ellers. Planlegg for å få hjelp! 


Den som føder skal som hovudregel reknast som sengeliggande dei første fem dagane, så fem dagar i nærheten av senga og så fem dagar på sofaen. Med andre ord: ingen forventingar om å gjere særleg anna enn å kvile, i tillegg til å ta vare på baby saman med den andre forelderen eller ein annan støtteperson. Den fødande skal i tillegg til å evt amme/pumpe også restituere etter fødselen, og har truleg smerter i underlivet, blør og må gå med store nattbind eller bleier, ta smertestillande for sting osv.


Det vil seie at nokon andre enn den fødande må lage mat, rydde, hente post, handle på butikken, støvsuge osv. Kanskje også godt utover desse første femten dagane, men minimum dei 15 dagane.


Nokre fødande får ein energiboost etter fødselen, som kanskje frå dyreverda er der for å sikre at ein greier å ta vare på barnet sitt og komme seg ein trygg plass. Men prøv å ikkje overdriv, sjølv om du føler du har mykje energi. Kroppen din har vore gjennom svært heftige greier, og gått rett inn i ein ny heftig periode. Så slapp av så mykje du kan. Og partnar: du også. Sjølv om du må lage mat og ta rydding, ha låge krav i denne perioden. Om de har mulighet: bestill mat på døra, be gjester ta med mat og ta oppvasken, ha vaskehjelp, be om hjelp til husarbeid og matlaging av familie eller venner. Dette er unntakstilstand! 


Det kan likevel være lettare sagt enn gjort. Mange, både mødre og fedre kan få litt angstankar den første tida og vere redd for at andre skal holde baby eller at noko forferdeleg skal skje baby. Dette er naturlege instinkt, som du må forholde deg til så godt du kan. Prøv å hugse at det går bra med barnet ditt og at det er trygt, men det er også lov å ikkje gi frå seg babyen sin særleg i starten. Du bestemmer og kan fint be om hjelp til alt anna enn å halde babyen. Men partner: prøv å pushe litt på å få holde og bysse og sørge for at den fødande får seg ti minutt i dusjen eller ein tur utanfor dørene åleine. 


Om ein skal amme eller pumpe er det stort sett det døgnet går til. Særleg dei første vekene. Då skal baby få igang melkeproduksjonen og kan ønske å die så ofte som kvar halvtime innimellom. Dette kan vere skikkeleg intenst og utmattande, og forklarar kanskje kvifor det er greit å ha veldig lave målsetningar og krav i denne tida. Å berre vere i senga eller sofaen, overleve og halde liv i babyen er ein fulltidsjobb!


Du som ikkje har fødd eller ammar/pumpar har difor eit ekstra ansvar for å sørge for at den fødande/ammande/pumpande får i seg mat og drikke. Truleg må du til og med mate partnaren din, fordi dei må halde/amme babyen samtidig. Eller sørge for at dei får mat som kan etast med berre ei hand, og ikkje er så sølete. Ein blir også ekstremt tørst av melkeproduksjon, så sørg for å fylle opp vassflaska!


At baby og den som har fødd/ammar/pumpar er så ekstremt tett knytt saman er heilt naturleg - men kan vere vanskeleg å forholde seg til - for begge foreldrene. Den som har fødd og ammar/pumpar føler kanskje at ein har mista seg sjølv fullstendig, kan føle på irritasjon og bitterheten ovanfor den andre, kan føle seg fullstendig fanga og samtidig slite med å gi frå seg babyen til den andre for ein minipause. Den andre kan kjenne seg ubrukeleg, i vegen, lost men utan å få lov til å føle seg lost, irritert fordi ein ikkje får eller kan bidra meir osv. Ein kan verkeleg miste kvarandre litt av syne i denne perioden. Og det hjelper ikkje på med lite søvn og at livet verkeleg er snudd på hovduet. Det er ikkje berre ein baby som er fødd, men to nye foreldre også! Det kan vere overveldande og ta litt tid å bli vant med og finne ut av.


Kvardagen kan også følast både veldig lang eller kort. Det kan følast ut som at situasjonen som den er i dag, er sånn det kjem til å vere i månadane eller kanskje til og med åra framover. Det stemmer sjølvsagt ikkje, og babyar forandrar seg og utviklar seg heilt ekstremt fort! Enten det er ammetrøbbel, søvntrøbbel, gråt, vondt i magen osv. Hugs at det er midlertidig, det er kanskje annleis allereie i morgon. Men: om du har vondt når du ammar eller baby gråter veldig mykje - be om hjelp til å finne ut av det!


Utanom dårleg søvn, er det kanskje vanlegast å også ha tenkt litt på bleier når ein tenker på tida med nyfødd. I starten er det bleieskift kanskje 10+ gonger i døgnet. Dag og natt. Det er rennande bæsj, som gjerne snik seg ut frå bleia og på kleda så alt må vaskast og skiftast. Sitronsåpe er gull.


Nyfødde søv ekstremt store delar av døgnet, og våkenperiodane er så korte at det ein rekk er å gi melk og skifte bleie og kanskje sjå bittelitt i augo på babyen og prøve å få inn eit par d-dråpar og litt magetid, før dei sovnar igjen. Eller kanskje ein berre rekk ein av desse tinga. For mange kan dette opplevast givande og fint, for andre kan det opplevast kjedeleg og lite givande. Begge deler er heilt normalt og greit. 


Nokre kjenner ei enorm kjærleik frå første stund, for andre tek det lengre tid og treng å bli bedre kjend med denne nye personen. Det betyr ikkje at det er noko i vegen med deg, det er heilt normalt det også. 


Barseltida er med andre ord ei ganske vill tid, der veldig mykje av følelsar er normalt og forbigåande. Det kan følast ut som livet ditt er som dette for alltid, men det er det ikkje. På godt og vondt. Så prøv å ta vare på det gode, og stol på at det kjipe går over. Særleg dei første to vekene er heilt kaos, men så kjem de inn i det nye livet litt og litt.


Gratulera med baby!

Vil du vere med på Barselprepp-workshop for å sikre at du har forberedt det viktigaste?



Comments


bottom of page