top of page

Kva er "ei våt bleie"?

Antall våte, altså tissebleier, er med på å fortelje om barnet får nok morsmelk/mme. Dei første dagane er magesekken bitteliten, baby et mindre og det er ikkje så mange våte bleier. Men etter berre ei veke skal baby drikke meir melk og dermed også tisse meir.


Her får du ei oversikt over ca. kor mange våte bleier babyen skal ha i ulike aldrar, og korleis du kan sjekke korleis "ei våt" bleie kjennest ut.


For å kjenne kva "ei våt bleie" kjennest ut som, kan du teste med ei ny bleie og ta litt vatn i for å sjå kor tung og våt den blir.


0 - 6 veker: 3 spiseskjeier (45 ml)

6 veker + : 4 - 6 spiseskjeier (60 - 90 ml)


Blå stripe på bleie

På mange bleier er det også ei gul indikatorstripe på framsida. Om denne er blitt blå, tel det som "ei våt bleie".


Kor mange våte bleier per dag?

Dei første dagane:

1-2 våte bleier + 1 bæsj/bek


Dag 3 og 4 ca. (når melka kjem inn):

3+ tissebleier og 2+ med lys brun/grøm bæsj


Frå dag 5 (ca.):

5-6 tissebleier + fleire bæsjebleier (sennepsgul)


0 - 6 veker:

Bæsj kvar dag


6 veker +:

5 - 6 våte bleier

Bæsj min. kvar 3. - 4. dag ish opptil 14 dagar (fullamming)

Bæsj min. annakvar dag (mme)


Kjelder:

- Kellymom.com/Kelly Bonyata, BS, IBCLC

- Oslo universitetssykehus/ Nasjonal kompetansetjeneste for amming til norsk i 2014 med tillatelse fra UNICEF UK Baby Friendly initiative

- Ammehjelpen og Helsenorge


Vil du ha meir praktiske tips og triks?

Comments


bottom of page