top of page

Fødebagen – kva treng du eigentleg?

Kva treng du faktisk i fødebagen, sånn minimum? Og kva er greit å ha?

Eg har tråla fleire hundre fødelister så du slepp, og samla alt her.

Minste minimum, antal og til både den fødande, partner og baby, og ei liste med ting som kan vere kjekt å ha.


Dette er eit utgangspunkt, og så må du ta bort/legge til det som evt. ikkje passar eller manglar i din situasjon.


Pakke: Partnar bør pakke i sin eigen sekk, og det til baby kan ligge i ein eigen beholdar i bagen til den fødande.


Viss du vil minimere:

Undertøy og klede til den fødande og baby kan vere det lettaste å kutte i, då mange ender opp med å berre bruke nettingstrusene frå sjukehuset, gå utan BH/kun eín BH og drite litt i alle lekkasjane og ha baby i sjukehusbodyar. Men hugs i alle fall undertøy og klede til heimreisa! Spør sjukehus/jordmor kva du får på sjukehuset og ikkje for å planlegge.

Det som er markert med ! er det absolutt viktigaste.


Tips:

  • Mange likar å ha ei lang genser eller cardigan for å dekke over bleierumpa når dei skal ut av rommet.

  • Til baby får du det meste du treng, men det kan vere fint å i alle fall ha med ein pysj eller eitt sett med klede, i tillegg til heimreiseklede.

  • Når ein ligg i senga på barsel, kan det følast veldig langt til bag eller nattbord, så eit tips er å ha med ei lita korg eller veske som kan ligge i senga med det aller viktigaste.

  • Hugs at partnar/støtteperson kan hente ting heimefrå å fylle på om opphaldet blir lengre enn venta.

  • Våtserviettar og bleier til baby og heimereise kan vere lurt i tilfelle behov.

  • Snacks/mat til barsel, så du ikkje er er avhengig av åpen og dyr kiosk/restaurant på sjukehuset.


GRATIS PAKKELISTE TIL FØDEBAGEN


Comments


bottom of page