top of page

Korleis me forbereder oss til babyen og barseltid - andre gong

Det nærmar seg termin og eg kjenner at førebuinga denne gong er ganske annleis frå første gong. For det første har me gjort ganske mykje mindre. Kanskje litt for lite. Klesvask og fødebag er feks ikkje noko eg kan krysse av på lista endå. Men eg har gjort det som har følest mest viktig å få på plass, og så veit eg at resten går fint. Babyen treng berre oss, eigentleg.


Eg har sjekka at bilstolen er klar. Stilt den inn ca. på dei minste innstillingane med selane og nyføddinnlegget, og sett litt på YouTube om korleis ein strammar og slakka selane og festar den i bilen for å friske opp kunnskapen.


Me har fiksa soveplass med trygg samsoving som utgongspunkt og plan, i første etasje fordi eg veit at trapper ikkje er så digg den første tida.


Me har brukt mykje tid på å preppe storesøster og lese om korleis me best gjer overgangen


Planlagt for avlasting: me har sjekka inn i forhaldet og kva me treng både kvar for oss og som par for å ha det bra. Det innebærer til dømes at me har skjønt at me treng litt avlasting og har snakka med folka våre, i tillegg til å bli kjend med ein ny barnevakt og kontakta ein doula i nærleiken i tilfelle det blir behov for.


Og så har eg prøvd å komme litt i fødselsførebuingsmodus ved å logge meg inn på Positiv fødsel igjen, følge live sendingane, sett live sendinga til Smertefri fødsel og sett ein del positive fødselsvideoar på YouTube. Har også skrive fødebrev.



Våre førebuingar til barseltid med barn nummer to:


  • Fast madrass og tisselaken/madrassbeskyttar i vaksensenga


  • Gjer klar vaksensenga for samsoving fordi eg veit det kjem til å bli samsoving, enten me har tenkt det eller ikkje. Denne gongen er det forventinga, så me førebur senga ordentleg. Tisselaken eller madrassebeskyttar er eit must pga sveitte, blod og melkelekkasjar i tillegg til evt lekkasjar frå baby. Sjekkar også madrassa ved å legge ei flaske i senga og så legge meg ned og sjå om flaska triller mot meg, i så fall er den for mjuk.


  • Sprinkelsenga er klar til å feste til vaksensenga i tillegg til å ha den heilt inntil veggen. Sprinkelsenga har ei side tatt av for å kunne bruke den som bedside crib, men i tillegg kunne ligge halvvegs oppi og amme, dersom baby aksepterer å ligge der. I tillegg fungerer den som eit gjerde ved samsoving i vaksensenga.


  • Hengevugge

    • Det var enormt med byssebehov på førstemann og sjølv om planen er å bruke mykje bæretøy, prøver me oss også på hengevugge denne gongen. Både fordi me veit kor stort behovet kan vere, for å spare kroppane våre, men også for å kunne gi meir tid til storesøster når veslesøster sover, dersom ho er nøgd med å sove litt der.


  • Førebu storesøsken

    • Me har snakka om veslesøster og at det er baby i magen til mamma lenge

    • Har lese Baby! sier Nora igjen og igjen, og det ser ut til at ho skjønner meir og meir og identifiserer seg meir med Nora.

    • Snakka litt om korleis babyar er. Dei gråter mykje, sover mykje, bæsjar mykje og treng mykje pupp og kos. Kan ikkje vere med å leike endå, kan ikkje ete ordentleg mat og kan ikkje snakke så dei må gråte for å sei ifrå.

    • Snakka om korleis ho kan hjelpe oss med veslesøster som å sei frå når ho har bæsja, hjelpe å finne bleier og våtserviettar, trøyste veslesøster

    • Sagt at veslesøster elskar henne

    • Ho har fått vere med i butikken for å velge ei kosebamse til veslesøster

    • Har kjøpt inn dukke, dukkevogn, bæresele, stelleveske, bleie og flaske til dukke for at ho kan få gjere litt dei samme tinga med sin baby.

    • Truffe babyar og prøvd å øve på å ta forsiktig og ikkje vere så voldsom


  • Snakke om barseltida og korleis me løyser det praktisk

    • Kven kan me få hjelp frå? Me har snakka med dei rundt oss, fått sagt konkret kva me ser for oss at kan hjelpe mykje, feks: barnepass av eldste, henting/levering i barnehagen, middagar, hjelp til husarbeid, hjelp til å preppe barselmat til frysaren.

    • Legge ein konkret plan for å sikre oss det mest grunnleggande. For meg er det kvile, dusjing og mat, for oss begge er det å vite at det finst avlasting og høve for noko pause i løpet av veka.

    • Ha ein (og to) konkrete planar for første møte mellom storesøster og veslesøster. Viktig for oss at ho enten møter baby sammen med oss, og at ikkje baby er i mine armar første gong ho møter veslesøster. Også viktig for oss at dersom ho kjem på sjukehuset for å besøke, så reiser me heim sammen etterpå.


  • Planlegge barnepass under fødsel


  • Ta ein sjekk på parforholdet

    • Barn er knusande for forhaldet om ein ikkje gjer bevisste ting for å unngå det. Me merka det med første, og det krever ein jobb å ikkje miste kvarandre oppi heile familielivet og den nye tilværelsen. No fokuserer me på å vere på lag, prioritere tid med kvarandre, snakke om gode minner, snakke om framtidsdraumar, snakke om ting som ikkje handlar om planlegging og barn, sikre oss at me har muligheit for avlasting om me treng pause og åleinetid både kvar for oss og saman. Blant anna.


  • Middagsprepp

    • Sikre middagar til frysen

    • Fortelje folk at me ønsker oss mat


  • Ha planar for gøye ting etter ny baby, med realistiske forventingar

    • Tenker å få ein del besøk (Forventing: eg og baby kan trekke oss vekk anytime me treng det)

    • Har billett til øya i august (forventing: gå med baby i bæretøy og kun vere med på dagtid, eller ha mannen med baby i nærheten og gå til og frå og amme)

    • Planar om lange sommardagar ved stranda og ute (Forventing: det blir litt drit å måtte vere i skyggen, men skaffar UV-telt og skyggemuligheiter).


Vil du også vere førebudd som ein andregongsforelder til babyen kjem? Bli med i Babystart-medlemsskapet for deg med baby under 1,5 år! Her er det blant anna Barselprepp workshop, sjekkliste for svangerskapet, utstyrslister, bæring og så vidare med nye tema kvar månad!

Banner til Babystart. Oransje bakgrunn, rød skrift der det står Babystart. Over tittelen er det ein strektegning av ei vaksen hånd som holder ei babyhånd.

Comments

Couldn’t Load Comments
It looks like there was a technical problem. Try reconnecting or refreshing the page.
bottom of page