top of page

Amming: har eg for lite melk?

Reklame for nettkurs nederst i innlegget.


I dei ulike foreldregruppene og chattane eg leser i, er det særleg éin ting som dukkar opp kvar einaste dag: Folk som ynskjer å fullamme men enten er heilt sikre på, eller livredde for, om dei har for lite melk pga x, y, z – og som derfor har begynt å gi, eller vurderer å gi, MME (morsmelkerstatning) og dimed gå over til delamming eller avslutte amming før dei ønskte. Dette er så trist og vanskeleg å sjå, og eit stort varsko til helsestasjonane der ute om at dei må bli betre på ammeførebuing og -kunnskap!


Amming er eit fantastisk og naturleg verktøy - MEN - for dei aller, aller fleste krever det kunnskap og støtte å få det til i det heile tatt, og så lenge som ein sjølv ynskjer. Dersom du ynskjer å fullamme er det viktig å bli kjend med kva som faktisk er normalt, og kva som faktisk er teikn på at du har for lite melk. Det er eigentleg ekstremt få som ikkje kan amme barna sine – men – ein er avhengig av hjelp, rett kunnskap og støtte. Dersom du ikkje fekk amma så lenge som du sjølv ynskte, er det ikkje din feil - men systemet rundt som har svikta.


Nesten alle tinga folk trur er teikn på at dei har for lite melk, er eigentleg heilt vanleg babyoppførsel. At babyen kavar ved brystet, eller kan drikke ei flaske mme etter amming er ikkje det same som at du har for lite melk. At du brått (gjerne rundt 6-12 veker) føler at puppene ikkje lengre er like sprengte, betyr ikkje at du held på å miste melka. Det er heilt vanleg, sjølv om det sjølvsagt kan vere litt vanskeleg å forstå av seg sjølv. Og det kan skape ein vond spiral dersom du (eller helsepersonell med dårleg ammekunnskap) tolkar det som at du har for lite melk og gir mme på flaske, utan å få god hjelp frå ammeveiledar i prosessen.


Ting som er teikn på at du har for lite melk - og ikkje
Ting som er teikn på at du har for lite melk - og ikkje

Eg er så ufatteleg glad for at eg hadde lese meg litt opp på amming, at Ammehjelpen finst, at kontoar som @femme_ammeveileder_doula finst og ikkje minst at eg hadde ein god ammehjelpar på min helsestasjon første gong eg fekk barn. Likevel (!) hadde eg maaaange periodar og fasar der eg stressa heilt vilt med amminga, var redd for at eg hadde for lite melk og stressa særleg over alle reglane eg hadde fått for meg (som ikkje stemmer). Som å prøve å strekke ut tida mellom ammingane til kvar tredje time, om å sikre baby den feite melka med å amme lenge og tilby begge bryst feks. (for min baby ville die kvart 30-60 minutt, i 3 minutt om gangen, på eín pupp. Det måtte jo vere noko galt, tenkte eg). Og når eg pumpa var laget med feit melk på toppen i flaska veeeldig tynt, syntest eg. I tillegg kom kaving og aukedøgna, som gjorde meg nesten heilt sikker på at eg ikkje hadde nok, eller bra nok melk til vesla.


Denne andre gongen har eg hatt mykje lågare skuldre. Sjølv om baby innimellom har vore uroleg ved brystet, kava, virka misnøgd, dia hyppig, dia kort, hatt intense aukedøgn osv. Eg har grått og vore utmatta, ja - men aldri redd for at eg og kroppen min ikkje var bra nok for mini. For ho har gått opp i vekt (sjølv med ei lita justering for å finne si kurve), vore aktiv og blid og hatt masse våte bleier.


Forskinga er tydeleg på at dersom du ynskjer å fullamma, er kunnskapsinnhenting noko av det aller viktigaste du (og partnaren din) kan gjere. Det vil kreve aktivt arbeid - til og med før babyen er fødd, for å auke sjansen for at det skal gå. Prioriter kunnskapsinnhenting og kanskje kurs/pengar til privat ammeveiledar etter fødsel ved behov, då desverre ikkje alle helsestasjonar har ammeveiledarar eller oppdatert kunnskap.


Og din eigen intuisjon kan vere ganske vanskeleg å lytte til i møte med ein global melkeerstatningsindustri verd over 588 milliardar kroner, som tjener på vår usikkerheit, forvirring, frykt og mangel på støtte og kunnskap. Det er ein grunn til at brystmelk-verda er fylt med mytar og misinformasjon, og konstant frykt for låg melkeproduksjon – for det er nemleg ingen som tener milliardar på ein baby som får brystmelk.


Innhald om brystmelk og erstatning kan vere triggande for eit vell av følelsar, og dette er verkeleg ikkje eit forsøk på å mom-shame dei som har valgt eller måtta velge erstatning. Eg er så lei meg for om du på noko punkt har følt deg ikkje bra nok og åleine, eller om du har følt skam eller blitt dømt i di amme- eller erstatningsreise. Du har gjort ditt beste - og du elskar barnet ditt. Det er systemet rundt deg som har svikta, dersom du ikke har fått støtta du trengte.


Du skal få gratis ammehjelp på barselklinikken og helsestasjonen og kan også søke gratis hjelp via Ammehjelpen (Facebook-gruppe, telefon, mail).


Dersom du likevel treng noko meir eller ikkje opplever å få den støtta du treng, vil eg tipse om @femme_ammeveileder_doula. Ho er ammeveiledar og doula og deler veldig konkret og gode tips på si instagram side. I tillegg har ho delt ein rabattkode med meg så fleire skal få tilgang på god, oppdatert kunnskap og moglegleheit til å amme eller pumpe så lenge som dei sjølv ynskjer. Bruk koden "Barnekvardag20" og få 20% rabatt på nettkurset "Ammebobla" og/eller medlemsportalen "Barselbobla". Ammebobla er eit nettkurs som både førebur deg til å amme og som støttar og guidar deg gjennom den første tida. Du får kunnskap som hjelper deg å få ein god, trygg og smertefri ammestart i tillegg til informasjon som hjelper deg å stå stødig gjennom heile ammereisa di. Dei to utfyller kvarandre om ein ynskjer informasjon om heile det første året.

Comentarios


bottom of page