top of page

Er Ergobaby Omni 360 den beste bæreselen?



«Best i test + bæresele»


Sånn såg fleire av mine google-søk ut i tida før me skulle få vårt første barn. Og eg tippar det er likt for dei fleste: me vil det beste for barna våre og lommeboka, og treng kjappe, enkle svar i ei tid der du føler du ikkje veit noko som helst.


Men: snart tre år seinare, veit eg no at dei fleste svara eg fekk opp på best i test-søka mine på bæreselar, verken er best i mine auge, ekspertar sine auge eller veldig mange andre foreldre sine auge.


Kvifor er det sånn?

Om du ser godt etter på desse testane, er det påfallande kor ofte dei største merkene vinn. Tenk deg å ha den aller største potten til å bruke på marknadsføring, reklame og betale testarar og influencarar! Då er det kanskje ikkje så rart likevel. Men det er jo veldig irriterande for oss som har prøvd å spare oss litt arbeid å innsjå at det som er best i test kanskje ikkje best likevel.


Så, kva er den beste bæreselen?

Ifølgje testane er det Ergobaby omni 360. (Spoiler alert: Ifølgje meg er det ikkje denne).

Og kva er den beste om du ser på kva «alle andre» brukar? Ergobaby omni 360 eller Babybjørn. (Best i test-ane og dei komersielle barnebutikkane er mektige!)


Og kor mange bæreselemerker finst det eigentleg, ifølgje desse testane? Tilsynelatande om lag seks.


Dette stemmer sjølvsagt ikkje, men det krev gjerne ganske mykje nerding, tid og interesse å finne ut av og det har ein ikkje om ein er nybakt forelder.

Så her er mine erfaringar og tankar om dei vanlegaste selane som oftast toppar Best i test-ane – og mine alternativ – etter å ha brukt utallige bæretøy i 2 år.


Ergobaby Omni 360

Ergobaby omni 360 kan brukast i fire ulike stillingar, og skal vare lenge i følgje proddusenten: frå nyfødd til ca. 4 år. Den har eit godt og breitt hoftebelte, oppbevaringslomme og skal vere enkel å justere med borrelås og knappar. I tillegg har den fire posisjonar ein kan bære i: innovervendt, hofte, rygg og utovervendt og slik blir den som regel vinnaren på Best i test-ane.

Så eg kjøpte selen, fødde barnet og prøvde selen. Og tenkte: hmmm. Er dette seriøst den beste selen som finst?



Ergobaby Omni 360 vinn ofte testar mellom anna pga at dei har fire bæreposisjonar og fordi den skal vare frå nyfødd. Men kanskje er utovervendt ikkje så nøddvendig likevel og passar ikkje nyfødde? Foto: Ergobaby

Den var klumpete og stiv, babyen på om lag 2 mnd. drukna fullstendig i den, skulderselane gjekk ikkje an å stramme nok på meg til at eg fekk babyen nært nok, eller høgt nok opp, hoftebeltet var tjukt og varmt. Ja, det var enkelt å justere panelet med borrelås, men eg fekk det ikkje smalt nok og knappane og dei ulike innstillingane for utovervendt og innovervendt var ikkje sjølvforklarande. Det blei ein utvilsom tommel ned frå meg og mini.

Heldigvis hadde eg starta med Caboo close og tilfeldigvis funne «Norsk bæregruppe» på Facebook. Der er det få som ville anbefalt deg Ergobaby Omni 360 først, av dei same grunnane som eg og mini hadde for å gi den tommel ned.


Selen som selger seg inn for å passe alle, både barn og bærarar, passar i realiteten ein gjennomsnittleg mann eller ei høg dame, med ein seks månadar+ gamal baby best. Ifølgje bæreveiledarar passar den ikkje babyar før ca. 3 månadars alder og for meg som er kort (1,60) ville den aldri ha passa, fordi eg ikkje fekk justert selane nok. I tillegg syntes både eg og baby at den var ubehagelig stiv og klumpete, og det frista null å setje ho på to månadar oppi og hadde frista endå mindre med ein nyfødd. Du kan krysse stroppane bak med selen, men eg opplevde det som veldig klumpete.


I tillegg vinn den ofte testar fordi du kan bære utovervendt, og for all del: om du skal bære utovervendt er det truleg den beste selen på marknaden med tanke på ergonomisk posisjon. Likevel er ikkje dette verken ein nødvendig eller anbefalt stilling, og ein er råda til å halde det til maks 20 minut, frå barnet er tidlegast 6 månadar og aldri la barnet sove i denne stillinga. Og då kan du like gjerne bære på ryggen: så lenge du vil og utan å vere stressa for at baby skal bli overstimulert, eller sovne.


Babybjørn


Babybjörn One. Obs: På bilete av utovervendt bæring sit ikkje barnet i ein ergonomisk M-posisjon med hoftene. På biletet i midten er nakkestøtta altfor høg: den skal maks gå opp til øyreflippen. Foto: Babybjörn


BabyBjörn One er ofte den som kjem etter ein eller tre Ergobaby-selar på testane. Og det skal dei ha: den er hundre gonger betre enn den tidlegare varianten Babybjørn Original. Original finn du overalt både på bruktmarknaden og elles, og set baby i ein uergonomisk posisjon med beina hengande rett ned, ganske rak i ryggen og er generelt ubehageleg å bruke for både den som bærer og babyen. Dropp den!


I Babybjørn Original er det ikkje mogleg å få til ein ergonomisk posisjon (med mindre ein hjelper til med eit ekstra sjal til dømes).

I Babybjørn Original er det ikkje mogleg å få til ein ergonomisk posisjon (med mindre ein hjelper til med eit ekstra sjal til dømes).


Men tilbake til den nye: One. Mykje bra er gjort, no kan du til dømes få ergonomisk posisjon som er det viktigaste! Men den legg opp til å ha ein slags nakkestøtte som kjem altfor høgt opp (skal ikkje gå lengre opp enn til nedst på øyreflippen, også på nyfødde). Den kan brettast ned, men har ingen festeknappar så i praksis vil dei fleste ende opp med å bruke denne opp.


I tillegg er den laga slik at armane til baby blir fanga mellom ein stropp, slik at baby ikkje har høve til å ta hendene til ansiktet. Og det treng babyar, viss ikkje blir dei sinte og frustrerte! Utovervendt ser det ut til at ein får ein nesten ergonomisk posisjon på barnet, men ikkje heilt. Selane på den som bærer må også vere i ein H-posisjon og kan ikkje kryssast. Å krysse selane bak er for dei fleste det mest behagelege og det som fordeler vekta best. Eg tel også fire klips framme, pluss to knappar og så dei to klipsane bak. Det er mykje greier.


Tula


Tula Free to Grow. Foto. Tula

Så er heldigvis Tula kome med på testane i det siste, og av dei mest komersielle merkene er det nok denne flest har gode erfaringar med. Også Tula har fleire selar som vert marknadsført som «frå fødsel», men igjen er erfaringane at dei færraste babyar passar i selane før dei er ca. 3 månadar gamle. Dei er likevek mjukare i stoffet, og har gode justeringsmoglegheiter. Og så har dei jo veldig mange fine design. Den kan ikkje kryssa stroppane bak, og ein må bruke den i H-posisjon. For min del er også midjebeltet noko breitt og voldsomt, men det er ein smakssak.


Her ville eg nok gått for Free to grow, Standard eller Toddler, men om utovervendt bæring er viktig for deg ser Explorer også ut til å gi ganske god ergonomisk stilling for baby, men det betyr også noko tjukkare og stivare sele.


Stokke


Stokke My Carrier. Foto: Stokke

Stokke er også ein av gigantane på barnemarknaden og kjem også ofte med i topplistene. Stokke MyCarrier er deira vinnar. Denne har eit fastmontert kryss i ryggen som er laga for avlasting. Eg har ikkje prøvd denne selen, men min første tanke er at det ser klamt ut og at det er kjipt at den er fast i ein stilling fordi den då truleg ikkje gir optimal avlasting for alle, men nokre få sidan ein ikkje kan justere eller velge.


Også denne selen er laga slik at det er vanskeleg for barnet å få handa opp til ansiktet. Selen har også ei nakkestøtte som er altfor høg. Den kjem også med eit innlegg til ryggstøtta i aluminium, som jo høyrest kjent ut frå tursekk-verda, men som eg tenker berre høyrest stress og ubehageleg ut. Igjen tel eg fire klips, to krokar og to knappar som skal festast rundt barnet, i tillegg til hofteklipsane. Dei reklamerer også for god ergonomisk posisjon, men sjølv i reklamevideoen er ikkje barnet i ein ordentleg M-posisjon/froskeposisjon – men nesten. Eg blir stressa av å tenke på bruke denne selen.


Najell


Najell Easy Baby Carrier. Foto: Najell

Najell er også ny på marknaden og har byrja dukke opp i testane. Najell Easy Baby Carrier ser mjuk og deilig ut, så pluss for det! Dei to magnetiske klipsane virkar også digg, sjølv om eg er paranoid og trur det ikkje held. Også på denne selen kan ein ikkje kryssa stroppane bak, men den må brukast i H-posisjon. Nakkestøtta kan også vere fristande for folk å bruke, særleg til nyfødde, men den er i det minste bretta ned som utgongspunkt. Den vil nok likevel vere for høg for alle barn i alle aldrar om ein brukar den oppe, så dei kunne kanskje berre ha droppa den.


Mine anbefalingar

Så, kva ville den kritiske, sure meg anbefalt deg i staden?

Det har eg heldigvis samla i eit anna innlegg (fordi eg har altfor mykje på hjartet), men kort oppsummert:


Nyfødd: Ergobaby embrace, caboo close, coracor



3/4 mnd+: Angelpack, Kahubaby, Manduca, meh dai.



Comments


bottom of page