top of page

Det beste bæretøyet for nyfødt

Oppdatert: 13. jul. 2023

Mange er ute etter ein sele som skal vare lengst mogleg, men realistisk sett er det mykje betre å gå for eit eige bæretøy for dei første 3-4 mnd og så evt selgje og kjøpe nytt, slik ein også må byte ut klede og bilstol til dømes.


Dei fleste selar som lovar at dei er frå nyfødd til 1,5 år + passar ikkje eigentleg før 3 mnd (eg ser på deg Ergobaby Omni 360, Tula Explorer og fleire).


Du tenker kanskje at det er waste for så kort tid, men når du står i det følest det ut som ein evigheit. Dei fleste nyfødde roar seg best (eller berre) med kroppskontakt og du kan bli gal om du føler deg fanga av det.


Mine topp tre bæretøy for nyfødd-tida:

Ergobaby Embrace:

Elastisk fullklips-bæresele frå Ergobaby.

Dette er nok den mest populære nyføddselen, Den har mjukt og elastisk stoff, du kan krysse stroppane bak, der er lange stroppar med stramming i sidene og lite mikkmakk. Den tek også liten plass. Hugs å rulle midjebandet to gonger og få det heilt oppunder brystet når nyfødd under 58,4 cm skal sitje oppi. Denne finst også med mesh-stoff som kan vere deilig på sommaren. Varar til baby er ca. 7/8 kg (kan brukast lengre, men mange synest elastiske bæretøy byrjar å bli litt tunge å bære i rundt dette).




Coracor:

Elastisk sjal

Det kan følast litt skummelt med sjal og å lære seg knyting, men i mi erfaring må både sele og sjal lærast og det går ganske kjapt å både lære og få til når du kan det. Coracor har tovegs-stretch og er supermjukt og deilig. Det er heller ikkje så varmt og passar fint heile året. Den vanlegaste knyten er å forhandsknyte med Pocket Wrap Cross Carry (PWCC), men eg likte best Front Wrap Cross Carry (FWCC) for å få stramma nok heile vegen (sjå video). Varar til baby er ca. 7/8 kg (kan brukast lengre, men mange synest elastiske bæretøy byrjar å bli litt tunge å bære i rundt dette).



Close Caboo:

Elastisk sjal/sele

Ein slags kombo mellom sjal og sele, og viss du ser på denne versus til dømes Najell eller Baby K’tan sine ferdigknytta sjal, ville eg vald denne eller Lillebaby Dragonfly som også kan justerast. . Dei ferdigknytta sjala kan vere fine, men då er du avhengig at du treff perfekt på størrelsen fordi du ikkje har høve til å tilpasse den til din eller baby sin kropp.


Med Caboo close kan du justere med ringane i sidene. Det er enkelt å få til, gir den nære, mjuke effekten sjal har, og kan tilpassast den som brukar den. Hugs å alltid ha tre lag med stoff på babyen! Dei to passa frå selen og det siste tredje laget som skal utanpå. Minuset er at det kan bli litt varmt! Eg syntest også ringane gnagde litt i sida, men dette varierer utifrå kropp. Nokre merkar ingenting til det. Varar til baby er ca. 7/8 kg (kan brukast lengre, men mange synest elastiske bæretøy byrjar å bli litt tunge å bære i rundt dette).




Om du kjøper brukt: ver obs på at elastikken blir dårlegare med kvar vask, så det kan vere greit å sjå etter nokon som er lite brukt eller spørje om den er blitt brukt og vaska mykje – særleg om det er brukt tørketrommel.

 

Frå nyfødd til 1 år+

Sjølv om eg anbefalar eigne bæretøy for dei første månadane, er det nokre bæretøy som kan brukast frå nyfødd og har relativt lang brukstid.


Meh Dai:

Sele/vevd sjal (tidlegare kalla Mei Tai)

Dette er ein type sele som er blant dei eldste i verda, og kombinerer det beste frå vevd sjal og bæresele. Her er det knyting rundt deg og rundt babyen, noko som gir stor fleksibilitet til justering for ulike bærekroppar og babystorleikar. I tillegg gjer sjalstroppane at ein kan spre stoffet og få god avlasting og knyte på mange ulike måtar.


For nyfødde kan det vere nødvendig med mjukt nok stoff og høve til å snevre inn panelet under rumpa med ei snor feks, og at panelet ikkje blir for høgt. Ein kan også snurra midjebandet rundt seg sjølv eit par gonger for å justere panelhøgda. Dette er ein type sele som i så fall varer lengre enn dei første månadane! Ein versjon av Meh dai er halvklips-selar med klipsløysing i livet.




Vevd sjal:

Vevd sjal er det bæretøyet ein faktisk kan ha frå nydødd til konfirmasjon omtrent. Her finst det utallige ulike "blendar", altså stoffsamansetningar som har ulike kvalitetar. Det finst tjukke, tynne, varme, luftige, glatte, grippy, med litt bounce eller heilt utan og i eit uendeleg utval av fargar og design og storleikar/lengder. Det finst maskinlagde sjal og handvevde. Dette er det definitivt mest allsidige bæretøyet og det finst utallige måtar å knyte det på for ulik avlasting og ulike posisjonar.




Kahubaby:

Fullklips-bæresele

Tynn, lett og mjuk bæresele som gjer det enkelt å snevre inn panelet under rumpa slik at den passa heilt frå nyfødd til om lag str. 86. Ein kan krysse stroppane bak, det er tovegsstramming og passar lenge. Har påsydde klipsar til å sikre over brystet ved ryggbæring.




Angelpack:

Fullkips bæresele

Nokså lik som Kahubaby. Noko tjukkare i stoffet, men framleis mjuk nok til å kunne snevre inn panelet til nyfødd. Passar til om lag str. 80. Ein kan krysse stroppane bak, det er tovegsstramming og den er relativt lett å få tak i brukt. Brukt = ekstra mjuk! Denne har ikkje påsydde klipsar over brystet, så ein må kjøpe dette separat eller bruke eit sjal eller anna for å sikre om du skal bære på rygg.







Comments


bottom of page