top of page

Dei beste bæreselane – som du ikkje veit om!

Oppdatert: 10. jul. 2023



Eg har skrive eit lite rage-innlegg der eg kritiserer bæreselane som stort sett toppar best i test-listene. Dei største, internasjonale babymerkene som trumfar alt, sjølv om dei kanskje ikkje er best likevel?


Men då må eg jo også kome med alternativa!

Først litt om mi bære-erfaring: Eg byrja bære då mini var to månadar og har no bært i bæretøy i straks to år. Eg har hatt elastisk sjal, vevd sjal, meh dai og ein drøss med fullklips-bæreselar i hus og har tråla alt for mykje informasjon i Norsk bæregruppe og andre gode kjelder. Eg vil kalle meg ein bærenørd, men kan ikkje skryte på meg ein bæreveiledar-tittel.


Etter mykje prøving og testing har eg funne nokre dealmakers og dealbreakers for meg, og butikkane du burde sjekke ut når du skal handle.


Bæresele deal-makers for meg:

  • Mjukt stoff

  • Kan krysse stroppane bak

  • Kan bære på hofta

  • Kan stramme skulderselane toveis

  • Har sovehette

  • Er nett og tek liten plass

  • Ergonomisk stilling

  • Lite mikk-makk

  • Brukt (og mjuk!)

Bæresele dealbreakers for meg:

  • Ikkje ergonomisk stilling

  • Tusen klipsar og knappar

  • Hardt/stivt stoff

  • Klumpete/stor sele

  • Kan ikkje krysse selane bak

  • Høg nakkestøtte

  • Behov for innlegg

Så, her er mine favoritt-selar og kvifor:

Først eit lite obs: Dette er mine favorittar. Bæretøy er som alt anna me har på oss: det passar ulike folk og ulike kroppar forskjellig. Likevel vil eg påstå at desse er ganske trygge om du ikkje har høve til å prøve først sjølv, og får mykje skryt av mange. Men prøv først om du kan! Lån av nokon, sjekk om det er eit bærebibliotek eller ei bæregruppe i ditt område, eller kontakt Bæreglede eller Instinktsmor.


Angelpack:

Posisjonar: mage, hofte, rygg. Krysse selar bak? Ja Alder: ca. 1-12 mnd


Superbillig på finn, passar dei fleste kroppar (du kan også kjøpe forlengarar til stroppane om det trengst) og er lett å justere mellom ulike bærarar. Stoffet er mjukt og du kan justere panelet i breidden (under rumpa til baby) med ein stropp/skolisse/tråd. Då kan den i praksis brukast frå fødsel og til om lag 1-1,5 år. Du kan krysse stroppane bak og det er toveis stramming i sidene. Lite mikkmakk og mykje justeringsmoglegheit likevel! Dette er også ein nett og lett sele, som tek lite plass! Minus: det kjem ikkje med brystrem, og om ein skal bære på ryggen er det digg å ha. Men det er berre å feste på ein stropp og det kan til dømes kjøpast av innstinktsmor.no.





Kahubaby:

Posisjonar: mage, hofte, rygg. Krysse selar bak? Ja Alder: ca. 1-12 mnd+


For min del ein endå litt diggare versjon av Angelpack, med alle fordelane den har: mjuk, lett å justere, lett, kan krysse stroppane, tovegsstramming og passar frå tidleg og varar til om lag 1 – 1,5 år. Minus: vanskeleg å få tak i på bruktmarknaden, og er dimed heller ikkje særleg billig brukt. Den har alle dei same kvalitetane som Angelpack og det er magisk kor lite plass den tar. Ekstra pluss: Mange fine print, og den har påsydd bryststropp, i tillegg til innebygd stropp til å justere panelbreidden, så då er det full pott frå meg!


LennyHybrid:

Posisjonar: mage, hofte, rygg. Krysse selar bak? Ja Alder: ca. 3 mnd. – 3 år


LennyHybrid kjem i same stoff som vevd sjal, og er mjuk og deilig frå start. Dei har mange ulike, fine mønster og fargar og eg syntest det var enkelt å lære, gav god avlasting og har gode justeringsmoglegheiter med både ulike knytar og med tanke på alder på barn og ulike bærarar. Passar ca. frå 3. mnd+ til 3 år. Nokre meh dai-ar har smale stroppar med lik breidde heile, men LennyHybrid skrår utover slik at ein kan spre det over skuldrene og over rumpa til baby for å få meir avlasting.


Dette er ein meh dai-sele. Dei andre eg har nemnt er fullklips-selar, som betyr klips i alle endar. På ein meh dai eller halvklips, er det enten ingen klips eller kun klips i livet. Det gjer at ein får lengre sjalstroppar over skuldrene, som kan pakkast rundt rumpa til baby og gi meir avlasting og ulike måtar å knyte på enn ein vanleg fullklipssele. I tillegg er det enklare å justere mellom ulike barn/bærarar, fordi ein ikkje må justera stroppar for kvar gong, men berre knyter på. Det kan likevel følast meir overveldande og vanskeleg å forstå enn ein fullklipssele. Samtidig gir den mykje av justeringsmoglegheitane og avlastinga som berre vevd sjal ellers gir, med litt lågare terskel.

Det finst mange gode meh dai-selar, alt i frå heimesydde på Finn til 100 kroner eller desse komersielle merkene. Av dei komersielle merkene er det kun Lenny Lamb, Girasol og Babylonia sine eg har prøvd.


Tula:

Posisjonar: mage, hofte, rygg og utovervendt på Explore. Krysse selar bak? Nei Alder: ca. 3 mnd – 2/3 år (varierer frå type til type)



Har prøvd Tula Standard, Free to grow og Tula Lite. Ingen av desse kan krysse stroppane bak, og du må ta dei på som ei t-skjorte. Eg likar best avlastinga kryssa stroppar bak gir, men synest det går greit med H-posisjonen i Tula-selane. Eg likar at dei er relativt mjuke i stoffet, er easycare og lette å vaske, og gir ganske god avlasting. Tula Standard kan ikkje tilpassast i breidden under rumpa til barnet, utover ei evt. snor du festar på sjølv. Av alle fullklips-bæreselar eg har prøvd er det nok denne eg har likt best å bære på ryggen med.


Tula Free to grow/FTG er liksom frå nyfødd, men passar nok ikkje før rundt 3. mnd. Litt av poenget med selen er likevel at den skal kunne vokse med barnet, og den har gode justeringsmoglegheiter i panelbreidden og -høgde.


Tula Lite er ein sele du ikkje brukar på toddleren lenge, men heilt genial om du vil ha ein superlett, liten sele tilgjengeleg for barn under 10 kg. Du har den på som ei rumpetaske og rullar den berre ut ved behov og har likevel ei lita lomme til overs. Den er lett og fin på sommaren, turar og reiser. Ikkje superavlastande, men sval og kompakt.


Girasol:

Posisjonar: mage, hofte, rygg. Krysse selar bak? Ja Alder: ca. 1 mnd. – 2/3 år



Eg har prøvd ei ringslynge, ein meh dai (MySol) med smale stroppar og Wrap My sol med breie stroppar frå Girasol, men elskar fargane og det mjuke, vevde stoffet! I bomull! Så det er også easycare.


MySol-en eg hadde var same breidden i stroppane heile vegen, har gode justeringsmoglegheiter i panelet både i lengde og breidde. Du kan tre midjebeltet i to ulike høgdar og feste det i ulike breiddar med borrelås.


WrapMysol er lik, men med breiare salstroppar som gir meir muligheit til avlasting.


Andre gode selar:

Eg har ikkje prøvd alle selar som finst, men vil likevel også tipse om desse som eg ser får mykje skryt frå både bæreveiledarar og Norsk Bæregruppe.


Didymos Didyklick/Didytai: Didyklick er ein halvklips med klipssele i livet, medan Didytai er ein meh dai med knyting i livet. Begge har sjalstroppar over skuldrene og over/under rumpa til baby.


Fidella Flytai: Ein meh dai-sele med sjalstroppar.


Lenny Lamb LennyUpgrade: Fullklipssele frå LennyLamb. Litt meir padding enn feks Angelpack og Kahubaby.


Isara the One: Ein sele som prøver å passe til både baby og toddler, og mange synest den gjer dette godt.


Manduca: Den er enkel å få tak i brukt og billig og er dermed eit kjempepluss om du vil teste ut bæring bæresele. Dei fleste er også godt fornøyd med denne selen.


Artipoppe Zeitgest: Den dyraste (komersielle) selen. Du finn den brukt frå 2500 kroner (ny rundt 3500 kroner) og i nokre saiko variantar til 30.000 kroner.


Oscha Cairis: Meh dai-selen til Oscha, sydd av sjalstoff.


Konverteringar: Det finst også ein drøss av konverteringar, altså selar, meh dai-selar, ringslynger og meir som er sydd av vevde sjal av profesjonelle konverterarar som til dømes Rabbagasten, Tettitett, Wompat, og fleire.


Nyfødd:

I tillegg vil eg slå eit slag for eigne selar/sjal frå nyfødd til tre/fire månadar. Du tenker kanskje at det er waste for så kort tid, men når du står i det følest det ut som ein evigheit. Dei fleste nyfødde roar seg best (eller berre) med kroppskontakt og du kan bli gal om du føler deg fanga av det.


Med mi første brukte eg bæretøy størstedelen av dagen, kvar dag desse månadane. Det er også fint å ha det ekstra mjukt og deilig for den nyfødde kroppen din, og den den vesle, sarte nyfødde babyen som er heilt ny i verda. Og så kan du jo selge den før du kjøper neste sele/bæretøy.


Om du kjøper brukt: ver obs på at elastikken blir dårlegare med kvar vask, så det kan vere greit å sjå etter nokon som er lite brukt eller spørje om den er blitt brukt og vaska mykje – særleg om det er brukt tørketrommel.


Ergobaby Embrace:



Dette er nok den mest populære nyføddselen, med rette! Den har mjukt og elastisk stoff, du kan krysse stroppane bak, der er toveisstramming i sidene og lite mikkmakk. Den tek også liten plass. Hugs å rulle midjebandet to gonger og få det heilt oppunder brystet når nyfødd skal sitje oppi.


Caboo Close:


Ein slags kombo mellom sjal og sele, og viss du ser på denne versus til dømes Najell eller Baby K’tan sine ferdigknytta sjal, ville eg vald denne. Dei ferdigknytta sjala kan vere fine, men då er du avhengig at du treff perfekt på størrelsen fordi du ikkje har høve til å tilpasse den til kroppen din. Med caboo close kan du det med ringane i sidene. Det er enkelt å få til, gir den nære, mjuke effekten sjal har, og kan tilpassast den som brukar den. Hugs å alltid ha tre lag med stoff på babyen! Dei to passa frå selen og det siste tredje laget som skal utanpå. Minuset er at det kan bli litt varmt! Eg syntest også ringane gnagde litt i sida, men dette varierer utifrå kropp. Nokre merkar ingenting til det.


Coracor elastisk sjal:


Det kan følast litt skummelt med sjal og å lære seg knyting, men i mi erfaring må både sele og sjal lærast og det går ganske kjapt å både lære og få til når du kan det. Coracor har tovegs-stretch og er supermjukt og deilig. Det er heller ikkje så varmt og passar fint heile året. Den vanlegaste knyten er å forhandsknyte med Pocket Wrap Cross Carry (PWCC), men eg likte best Front Wrap Cross Carry (FWCC) for å få stramma nok heile vegen (sjå video).


Butikkar å handle i:

Bæreglede:

Har butikk i Oslo, og om du har høve til å stikke innom er det verkeleg å anbefala. Her kan du prøve alt og dei gir deg masse (!) gode tips og triks! Har både sjal, bæreselar, meh dai, bærejakker og meir. Bæretøy frå LennyLamb, Didymos, Ergobaby, Tula, Angelpack, Manduca, Coracor, Andoria, Mamalila (bærejakkar), og fleire.

Har også nettbutikk. Dei tilbyr også eigne betalte timar med bæreveiledar.


Instinktsmor:

Nettbutikk med stor servicevilje. Om du vil teste noko før du kjøper, kan du som regel sende melding og få tilsendt for å prøve! Har både sjal, bæreselar, meh dai, bærejakker og meir. Bæretøy frå Isara, Kahubaby, LennyLamb og fleire.


Bærelykke:

Ganske ny nettbutikk starta av bæreveiledar Christina Enghauge. Har mellom anna elastisk ringslynge som eg ikkje har sett andre stader, bæretøy frå Girasol og KinderHop, stellesekkar og litt anna.

I tillegg kan ein kjøpe bæretøy frå Jollyroom, Babyshop, Barnashus, Rudo, Mimmis, og fleire.


Kjøpe brukt:

Bæretøy er stort sett aller deiligast brukt: ferdig innbrutt og mjukt!

Er det elastikk i bæretøyet kan det likevel vere lurt å kjøpe noko som er lite brukt og lite vaska, sidan elastikken blir dårlegare for kvar vask.


FB-gruppa Kjøp og salg bæretøy:

I denne gruppa finn du både dei kommersielle merka, men også mindre kjende merke og konverteringar (selar og meh dai osv sydd av vevde sjal). I tillegg er det andre bæretøyrelaterte ting som ringar, sokkeposar, bærejakkar osv.


Her kan ein finne nokre superdeals innimellom, til dømes meh dai til 100 kroner eller andre gode bæretøy. Elles er det stort sett mykje av det samme som i Facebook-gruppa – og ein haug med Babybjorn Original og Ergobaby Omni 360… 😅 Eg har inne søkeord på «bæresele», «bæresjal», «meh dai» og ulike merke eg er interessert i.


Tise:

Her finn eg oftast dei komersielle merka, men gjerne svært fint og ofte lite brukt, så lurt å sjekke for til dømes Coracor/elastisk sjal, Caboo close og Ergobaby embrace!


Comments


bottom of page