top of page

Bæresele på budsjett

Er du på jakt etter rimeleg bærsele? Ikkje gjer denne feilen!


Nei, takk til BabyBjörn-bæresele

Så mange startar bærereisa si med Babybjörn, og trur at dei (eller baby) ikkje likar bæreselar generelt eller at kroppen dei ikkje tålar bæresele. Og eg skjønner at ein går for dei, for du får dei praktisk talt kasta etter deg på bruktmarknaden. Men både den gamle og den nye (ja, den er betre enn før men still), er ikkje særleg bra for verken deg eller baby både ergonomisk og komfortmessig.


Kanskje tenker du at alt anna er altfor dyrt? Sjølv om det finst handvevde bæresjal eller Artipoppe-selar til 10.000 kr (++), så finst det også veldig gode, rimelige alternativ! Som er veldig mykje bedre enn ein gammal (eller for så vidt ny) Babybjörn. Eg vil til og med påstå at for dei fleste bærarar vil dei kanskje oppleve alle desse selane meir behagelege å bære med enn "Testvinnaren" Ergobaby omni 360, som ofte ligg ute til rundt 1000 kr på bruktmarknaden. (les meir her for lett rant om Omni 360).


Me er nok veldig mange som har kjøpt bæretøy basert på slektningar sine råd eller gamle bæreselar, eller best i testar, gjort av folk som eigentleg ikkje kan bæretøy eller har eit godt samanlikningsgrunnlag.


Men, no skal du få nokre gode, erfaringsbaserte tips frå ei som ikkje orkar å telle kor mange bæretøy ho har hatt i hus men det er truleg over 15/20 selar. Og hugs: Brukt er best når det kjem til bæretøy (som ikkje er elastisk), så Finn/tise/Kjøp og salg bæretøy på Facebook osv er din venn!


Meh dai/mei tai-bæresele

Bilder av meh dai bæreselar på Finn.no

Det heiter Meh dai, men mange brukar framleis det utdaterte, rasistiske navnet mei tai, så søk på begge deler på Finn/Tise/andre kanalar.


Her kan du finne kvalitetsselar både gratis og til 100-lappen. Den største forskjellen mellom desse bæreselane er kva materiale dei er laga i, og kor mjuke eller glatte dei er feks. Men det har stort sett lite å sei for komforten. Dei fleste rimelege har også smale skulderstroppar heile vegen. Det er ikkje eit minus, men stroppar som blir vidare nedover er litt meir avlastande, særleg når baby blir større, og kan brukast for å laga eit breiare sete når baby blir større. Men altså: ikkje eit must.

Ein meh dai er ein miks mellom ein sele og eit sjal. Du knytter det rundt midja og drar stroppane i kryss bak ryggen, fram over beina til baby og knytter igjen bak. Du kan sjølvsagt også bære på ryggen og på hofta med denne selen. (Nei, ikkje utovervendt, men les her så bestemmer du deg kanskje for at det ikkje er så viktig).


Manduca

Bilder av Manduca-bæreselar på Finn.no

Ein heilt vanleg fullklipssele som kan brukast frå nyfødt og ganske lenge. Det er viktig at bæreselar skal voksast ut av og ikkje inn i, men her er det ei eiga nyfødt-løysing (litt lite intuitivt, men sjekk ut denne filmen på Youtube, så får du det til). Ergonomisk, behageleg, tåler mykje og superbillig på bruktmarknaden! Kan bære på mage, rygg og hofte.


Angelpack

Bilder av Angelpack-bæreselar på Finn.no

Angelpack sin fullklips-sele funkar også frå nyfødt og til rundt str 80/86. Nesten uansett kva sele du har må du gjerne skifte rundt str. 86. Noker er 1 år, nokre 1,5 nokre 3 år - så det er jo vanskeleg å seie når det blir i ditt tilfelle. Kan bære på mage, rygg og hofte.



Comments


bottom of page