top of page

Gjer du denne bilstol-feilen?

Dette kan vere forskjellen på liv eller død, skramme eller livsvarig skade.


I ein artikkel som nyleg vart publisert, kom det fram at heile 31 prosent av barn mellom 1 år og til og med 3 år, sit forovervendt i bilstol. Dette er stikk i strid med tydelege anbefalingar frå Trygg Trafikk.



Anddelen som sit bakovervendt, burde vore hundre prosent når det gjeld barn under fire å – så enkelt er det! seier kommunikasjonsrådgivar i Trygg Trafikk.


Krystallklar anbefaling om bilstol:


– Så mange som éin av fire toåringar og éin av ti eittåringar blir snudd forover. Det er veldig skumle tall. Anbefalinga er krystallklar: La barnet ditt sitte bakovervendt i alle fall til det er fire år – og helst endå lenger, seier kommunikasjonsrådgjevar Silje Kristine Hansen i Trygg Trafikk.


Risikoen for at barnet dør eller blir hardt skada er heile fem gonger større når dei sit forovervendt.



Med dagens bilstolar: rundt 6-7 år


Uansett kor gamal ungen din er: enten hen er 2 månadar, 2 år eller 22 år – å sitte bakovervendt i bilen er tryggare enn forovervendt dersom ein havnar i ein kollisjon!


Men særleg for dei minste, der hovudet utgjer ein så stor del av kroppsvekta, og dei har svakare nakke og ryggrad, er dette viktig. Belastinga på skuldre, nakkeparti og hovud blir mykje større ved ein frontkollisjon når barnet sit vendt forover. Viss barnet derimot sit bakovervendt, vil trykket fordelast over ei større flate og dermed minske belastinga på både nakke og indre organar.


Du bør difor ha ungen din bakovervendt så lenge som mogleg, som i dagens bilstolar er rundt 6-7 år.


Vil du ha sjekkliste til å sikre babyen i bilstolen? Last ned gratis her:






Comments


bottom of page