top of page

5 løgner eg trudde på om babysøvn

Både før eg fekk barn og i starten av babylivet hadde eg masse tankar og forventingar om søvn, som viste seg å berre vere bullshit. Det er nok ganske vanlege forteljingar om babysøvn, men dei påvirka meg ganske mykje psykisk og eg følte i periodar at eg faila ordentleg som forelder. Det var ganske dritt, i ei allereie stressande tid.


Forhåpentlegvis kan det hjelpe deg å vite kva som faktisk er sant og ikkje, og kva som er normalt.




1. Babyar legg seg kl 19 og sover i 12 timar

Sjølv om eg hadde lese om det tredje trimesteret og nærheitsbehovet til babyar, så hadde eg ikkje tenkt gjennom korleis døgnrytmen til babyar er og kva som er normalt. Eg trudde til dømes at babyar enten med ein gong eller etterkvart, hadde døgnrytme på å sovne klokka sju, at natta varar i 12 timar. Ja, med oppvåkningar, men at det var døgnrytmen og at det var det som var best for barnet.


Sanninga er at det er heilt normalt for dei minste å ha ganske sein naturleg leggetid. Det vil seie at natta deira og det lengste sovestrekket gjerne startar frå 21, 22, 22, 24 på kvelden – ikkje kl 19, dei første månadane.


Nokre babyar har også døgnrytme som er heilt på hovudet. Det er ikkje særleg myke å få gjort med, anna enn å eksponere dei for dagslys om morgonen og halde det mørkt og roleg på natta, og prøve å sove når dei har sine lengste strekk med søvn, uavhengig av tidspunkt.


Etterkvart som barnet blir eldre og kanskje får leggetid rundt 19/20, er det heller ikkje alle som har 12-timars netter. Nokre har 13 timar, andre har 10/11 timar. Så lenge baby er nøgd, er det greit. Alle har ulike søvnbehov.


2. Ein dupp varer i 2-3 timar

Eg trur eg kan telle på eí hand kor mange gonger ho som no er 2,5 år har sove i 2-3 timar på dagdupp etter dei første vekene med nyføddkoma var over. Men eg trudde verkeleg at alle babyar skulle sove så lange duppar.


Eg trudde eg gjorde noko sjukt feil, og at barnet mitt hadde det forferdeleg fordi ho ikkje fekk desse lange duppane eg trudde ho måtte ha. Eg byssa og byssa og byssa og stressa sånn for å få ho til å sovne igjen, og stressa så utruleg mykje med at ho ikkje ville sove lengre uansett kva eg gjorde.


Så kom eg endeleg over informasjon om at catnapping faktisk er sjukt vanleg - og heilt greit. At det ikkje er farleg for barnet ditt om hen våknar etter 29 minutt blank, så lenge hen virkar aktiv og nøgd resten av døgnet. Ja, det kan vere sjukt slitsomt å få så korte pausar – men det aller viktigaste for oss var å vite at det gjekk fint. Og så byrja ho plutseleg å sove lengre strekk frå 8/9 månadars alder, og meir fast frå me var nede i 1 dupp om dagen.


3. Babyar vil sove i vogn og bil

Anar ikkje kor mange gonger me fekk råd om dette frå eldre generasjonar med tanke på søvn. Men vår baby hata å vere i bilstol og nekta å vere eller sove i vogna. Ho ville berre vere inntil ein av oss, helst heile døgnet og særleg når det skulle sovast.


Eg turde knapt gå utanfor huset i starten, heilt til eg orka å lære meg bæretøy og fekk ein heilt ny fridom og turde å gå lengre vekk frå leiligheita enn 5 minuttars-radiusen eg først haldt meg til.


Etterkvart som månadane gjekk gjekk det også meir og meir greit å både vere og sove i vogna (helst etter å ha sovna i bæretøy, og så bli lagt ned). I barnehagen var det null stress, og etter ei lita veke sov ho i vogna som alle dei andre. Bilstollivet vart betre då me byssa ho i søvn før me la ho ned, og då me skifta til bilstol nr 2 og ho kunne sjå meir ut.


4. Når ein har fått ein rutine på søvnen så held det seg slik

Hahahaha, tenker alle som har hatt barn i meir enn fem minutt sikkert no. Det første året endrar nemleg ting seg HEILE TIDA, særleg søvn og duppar. Når du endeleg har skjønt kor lenge din baby pleier å vere våken, når dei pleier å sove – så endrar det seg. På kvelden og natta er det jamnlege periodar med dritt og bra om ein annan. Det kjem tenner, sjukdom, utvikling, endringar i livet og mykje anna som påvirkar søvnen til barnet.


Min kanskje aller største foreldrehack etter 2,5 år er å akseptere dette – og legge til rette for å ikkje bli gal. Me prøver å ikkje ha noko spesifikke forventingar til legginga: betre å forvente at det kan ta 1,5 time, og heller vere glad når det tek 15-30 min (som trass alt er det som skjer oftast). Me prøver også å ikkje legge så mykje i det: jaja, i dag var ein drittkveld eller i natt var det dritt. Ny sjanse i morgon. Ikkje før det har vore jamnt dritt over fleire dagar eller ei veke, tenker me på om det er noko me burde endre på som feks. dagdupp, leggetidspunkt, rutinar eller om det kan vere noko fysisk som plagar barnet.


For å ikkje bli heilt galne har me løyst det med å ta annakvar kveld med legging og "kveldsvakt" (den som har babycallen og følger opp oppvåkningar). Det er sjølvsagt lettare å få til med ein partnar i heimen, men om du er åleine er det viktig å finne nokre folk som kan hjelpe og vere til avlasting. Enten det er ein gong i månaden, eller i veka, dag eller natt. Nokon som kan ta litt av den emosjonelle børa det er å ha barn inntil seg heile tida. Når me no ventar barn nr. 2 er ein av førebuingane dermed å snakke med dei rundt oss om hjelp til å ta nokre leggingar og kveldsvakter, for å ha overskot til å ha ro og tolmod når det er vanskeleg.


5. Korleis baby sovnar, påvirkar om baby vaknar om natta

Etter å ha fått barn og hatt barn ei stund, er søvnindustrien kanskje min største nemesis. Dei stressar deg så sinnsjukt, og lurer deg til å tru at du har øydelagt alt og barnet ditt og framtida di om du ikkje følgjer "reglane". Men reglane er ikkje one size fits all, som dei ofte gir inntrykk av. Sjølvsagt: fordi ingen barn eller menneske er like og har like behov.


Sanninga er at du har den babyen du har. Nokre får sovebabyar som sovnar enkelt, av seg sjølv, kor som helst – no stress. Nokre får babyar som kanskje har fysiske plager og som treng enormt med støtte og oppfølging. Dei fleste får babyar som treng ein del støtte rundt soving, fordi me er pattedyr og flokkdyr. Me er programmerte til å vere inntil kvarandre og saman for å føle oss trygge.


Ein av dei store tinga søvnindustrien pushar på er at det er viktig korleis babyen din sovnar. Du skal helst legge hen ned drowsy but awake, altså før dei har sovna heilt, fordi dei må lære seg å sovne utan støtte for å ikkje vakne masse på natta og trenge deg.


Spoiler alert: du kan amme babyen din i søvn, bysse i søvn og legge ned baby etter dei har sove på deg i 15 minutt, og så sover barnet gjennom etterkvart likevel. Det har ingenting å seie korleis dei sovna første gongen for kvelden! Dei våknar ved behov uansett, og så lenge som dei trenger, uansett. Det vil gå opp og ned, og ulike babyar greier å sove lengre utan støtte, på ulike tidspunkt. Og: du kan endre på korleis du hjelper babyen din å finne søvnen etterkvart. Ingenting er for alltid, og vanar kan endrast på ved behov.


Her har me gått frå amming i søvn, til byssing, til å ligge inntil. Framleis ligg me inntil 2,5-åringen til ho har sovna og går ut. Ho vaknar stort sett 0-2 gonger på natta.


Comments


bottom of page