top of page

15 ting du må vite om baby og søvn

Søvn. Det er kanskje det nybakte foreldre tenker mest på og stressar mest med. Pust med magen, stol på deg sjølv og biologien, og vit at det meste er normalt.


Her er 15 ting du må vite om baby og søvn dei første åra.


1. Babyen vil kanskje berre sove på deg dei første månadane

Det er normalt at babyar våknar etter eit par minutt om dei ikkje er inntil eller på ein kropp dei første tre-fire månadane. Bæretøy og avlasting frå andre er gull! Les deg også opp om det fjerde trimesteret og trygg samsoving.


Sjekk ut:

  • Norsk bæregruppe: Nydeleg Facebook-gruppe der du kan lese og få tips, eller ta bilder av deg sjølv og be om tips, eller spør om kva du måtte lure på - utan å føle deg dum!

  • Det fjerde trimesteret: Les meir om det fjerde trimesteret hos Lilleminis og kvifor babyar framleis treng deg døgnet rundt, heilt inntil.

  • Trygg samsoving: Les på Landsforeningen uventet barnedød (LUB) om trygg samsoving

2. Ikkje ver redd for dårlege vanar eller å skjemme bort babyen

Du kan ikkje skjemme bort eit barn ved å gi dei støtta og kjærleiken dei treng. Om barnet får nokre vanar no, går det fint å endre desse seinare om det ikkje fungerer for dykk lengre


3. Funkar det? Supert!

Om ting funkar for dykk sånn som det er no - fortsett til det ikkje funkar lengre!


4. Les om trygg samsoving

Lær deg kva som er trygg samsoving - sjølv om det ikkje er planen. Både amming og småbarnslivet generelt er søvndyssande, og dei aller, aller fleste endar opp med å samsove ein eller fleire gonger – sjølv når det overhodet ikkje var planen. Då er det betre å vite korleis ein gjer det trygt, før det skjer og ein kanskje endar opp med å samsove utrygt.

5. Drowsy but awake? Drit i søvnindustrien!

Pass deg for internett og søvnindustrien! Har du sett at det er superviktig å lære babyen å sovne "drowsy but awake", men det funkar overhodet ikkje med din baby? Slapp av. Det funkar med nokre babyar, men ikkje med dei fleste. Og ingenting er øydelagt om det ikkje er sånn babyen din sovnar, og det påvirkar ikkje kor mykje babyen din våknar på natta.


Søvn er så altoppslukande dei første månadane og kanskje åra, og mange av oss endar opp med å google og søke på sosiale medium etter svar. Om svara du finn gir deg vondt i magen: dropp dei! Alle råd som følest feil ut, er feil for deg. Alle tips som får deg til å føle at du har faila som forelder, er rævva tips. Alle tips som meiner det er same løysing for alle barn, er bullshit. Tune det ut, og finn det som ressonerer med deg!


Hugs at søvnindustrien tener pengar på at du blir dritstressa fordi du trur at barnet ditt aldri skal sove igjen om du ikkje gjer alt perfekt no, og at permisjonsordningane i USA er altfor dårleg, noko som gjer at folk er endå meir desperate etter quick fixes før dei skal i jobb igjen.


6. Kveldsuro

Dei første månadane opplever mange at det er stor uro og vanskeleg med søvn på kvelden. Les om kveldsuro og gjer det som må til. Og hugs at det går over igjen!

7. Du kan ikkje tvinge nokon til å sovne

Babyar er menneske som deg og meg, og søvn er eit biologisk behov. Du kan med andre ord ikkje lære nokon å sove, og du kan ikke tvinge nokon til å sovne. Alt du kan gjere er å legge til rette for søvn ved å gjere barnet trygt og legge til rette omgivnadane.


8. Slapp av – så godt du kan

Enklare sagt enn gjort, men babyar kjenner godt om du er stressa og blir sjølve stressa. Og då er det sjølvsagt vanskelegare å sovne. Om du greier å vere avslappa er det lettare for baby å slappe av - og sovne.


9. Ingenting er for alltid

Ingenting er permanent, sjølv om det kanskje kan følast sånn der og då.

Sjølv om baby sover heile natta eller våknar sju gonger i løpet av natta akkurat no, så kjem det truleg til å endre seg - i alle fall i periodar.


10. Periodar kjem og går

Det vil komme periodar med dårlegare søvn, som så går over igjen - berre gjer det som trengst der og då. Det er så mykje som påvirkar søvnen, akkurat som med oss vaksne. Små barn går i tillegg gjennom heilt ville mengder utvikling dei første åra, så det er naturleg at dette påvirkar søvnen. Det kan vere utviklingssprang på kognitive ting, fysiske ting, tenner, sjukdom, ekstra behov for nærheit, endringar i livet som søsken, barnehagestart, flytting og anna, og mykje meir. Det meste går over i løpet av to veker, og er lite å få gjort noko med der og då. Prøv å bytte på å legge og ha "kveldsvakt", så er det lettare å stå i – for det kan sjølvsagt vere tungt og intenst, sjølv om det er vanleg.


11. Sove natta gjennom?

Realistiske forventingar til søvn er viktig for den mentale helsa di. Det er mykje vanskelegare å stå i situasjonen om du trur det er noko feil eller at du har gjort noko feil. Å vente på at babyen skal sove gjennom natta er noko mange foreldre gler seg til, men det er heilt normalt at barn ikkje sover gjennom natta utan oppvakning og behov for støtte i minst to år. Realistisk sett vil det i periodar vere behov for støtte opp til 6 år+.


11. Red flags:

Mykje er vanleg, og barn skal vakne gjennom natta dei første åra. Men: om barnet våknar kvar time eller oftare, over lengre tid, bør du sjekke ut om det kan vere noko fysisk som plagar barnet. Dette kan vere ting som allergi, stramt tungebånd, låsningar, vatn i øyrene, refluks eller andre fysiske problem som plagar vesle. Ta kontakt med helsestasjon, fastlege eller spesialist for å finne ut av dette.


12. All søvn er søvn.

Også 10 min på puppen eller 30 minutt i vogna. Nokre blir også stressa for om det er dårleg for baby om dei kun sover korte duppar, men om baby virkar blid og fornøyd ellers, sover dei nok. Såkalla catnappers er eigentleg veldig vanleg, sjølv om det kanskje følest ut som du høyrer mest om babyar som søv 3 timar i vogna.


14. Vanleg å hate vogn og bil

Mange har eit bilete av at alle babyar sovnar om du legg dei i vogna og trillar, eller i bilstolen og kjører - men det gjeld sjølvsagt ikkje alle babyar og det er like vanleg at dei hatar å ligge i vogn eller bilstol og berre vil vere inntil deg.


15. Ulike rutinar med ulike omsorgsfolk

Mange føler dei må slutte å amme i søvn dersom andre omsorgspersonar skal legge barnet, men dei fleste babyar og barn greier fint å ha ulike rutinar med ulike folk. Babyar kan bli trøysta og hjelpt i søvn av andre enn den med pupper, sjølv om den med pupper pleier å amme i søvn feks.

Comments


bottom of page