top of page

10 ting du må vite før du får barn


Gravid dame med blondt hår, mann med mørkt hår, begge holder et ultralydbilde opp mot kameraet. Mannen kysser kvinnen på pannen.
Illustrasjonsfoto: Kelly Sikkema/Unsplash.

To strekar og positiv test: gratulera! Men kva MÅ du vite før babyen kjem?


Her er mine ti tips:

  1. Alle barn har ulike personlighetar som til dømes kan påvirke søvn, kor fort dei går i krisemodus, kor mykje kroppskontakt dei treng, kor lett dei blir slitne osv. Det er dermed ikkje éin fasit, og du veit best kva som funkar for deg og ditt barn.

  2. Du kjenner barnet ditt best. Av alle i heile verden! Sjølv om det kanskje ikkje følest sånn, så gjer du faktisk det og du er den beste forelderen til ditt barn. Stol på det.

  3. Lær deg bilstol. Korleis du festar selane ordentleg, rett helling, kva som er for mykje klede og korleis du monterer den i bilen: før (!) første tur heim frå sjukehuset. (sjekk @bilstoler på FB, Dyrebarlast eller Safe in the seat).

  4. Lær deg bæretøy. Det kan følast for overveldande å byrje med med ein nyfødd, men om du har øvd litt på forhånd kan bæretøy vere heilt avgjerandre for eigen fridom og psyke dei første månadane. (sjekk @Norsk bæregruppe på fb og meld deg gjerne inn før første kjøp).

  5. Det er naturleg at babyar kun vil sove på eller inntil deg, og kun er fornøyde med kroppskontakt – dei første månadane. Les deg opp på det tredje trimesteret, og hugs at me er dyr. Nyfødde hadde vore fucked utan vaksne i naturen, og det veit kroppen deira.

  6. Bruk helsestasjonen for det det er verdt. Spør om alt du måtte lure på eller bekymre deg over. Dei er der for å hjelpe nettopp no!

  7. Ikkje gjer ting som følest feil ut sjølv om du får råd om det. Følest det feil for deg og ditt barn, dropp det. Det finst alltid alternativ, og du veit best.

  8. Om du vil amme er dei første dagane og vekene superviktige. Spør om hjelp ein milliard gonger om det er det som trengst, og ikkje slutt å mase om du føler at noko er feil. Det skal ikkje gjere vondt! Bruk Ammehjelpen og @ammehjelpsgruppen på fb om du føler du ikkje får bra nok hjelp på helsestasjon/barsel.

  9. Dette er ei enorm livsendring både den fødande og partnar. Kanskje føler de dykk heilt åleine på kvar dykkar kant, eller kanskje blir de nærare kvarandre med ein gong. Men prøv å hugs at det er naturleg å føle seg heilt overvelda, kanskje få litt panikk, klikke på den andre, ha eit vell av følelsar – hugs at de eigentleg er på lag og sammen i dette. Og viss de treng hjelp og støtte: ikkje nøl med å kontakte Familievernkontoret. Det er gratis og fantastisk.

  10. Det finst ingen dårlege vanar eller fare for å gi ein baby for mykje kjærleik og støtte. Gjer det som funkar for deg og barnet, til det ikkje funkar lengre. Alt kan endrast på om det trengst, og om det ikkje trengst er det ingen grunn til å endre på noko. Amming, byssing, flasking, samsoving og så vidare.

  11. Bonus: Bruk alle rundt deg! Ønsk deg gåvekort på fodoora, be dei ta oppvasken eller kaste søpla på veg ut, sei frå om det ikkje passar med besøk, sei neitakk til blomar om det berre er stress. Bruk folka dine og ikkje ver redd for å be om konkret hjelp som faktisk er hjelp!

Comments


bottom of page