top of page

PERSONVERNERKLÆRING

Gyldig frå 17.09.23
Databehandlingsansvarleg: Ingvild Eide Leirfall

Generelt

Din tryggheit på nett er viktig for oss i Barnekvardag. Difor er opplysing av personopplysningar frivillig. 

Om du deltar på kurs hos oss vil me vere nøydde til å lagre nokre data om deg for at du skal kunne gjennomføre kurset. Den informasjonen me lagrar blir behandla i henhald til personvernlova og vert sletta etter endt formål med lagring og behandling. Det vil seie at når kurset du deltek på er over slettar me data om deg, med mindre du ynskjer at me beheld det til neste gong du vil på kurs. 

Me sel ikkje din informasjon til nokre utanfor vår organisasjon. Me vil nokre gonger legge deg inn i e-postlister slik at me kan sende deg informasjon om neste kurs eller bok. 

Som alle aktørar på nett forholder me oss til cookies - eller kakesmular om du vil. Dette er små filer som vert lagra i nettlesaren din automatisk og hjelper nettlesaren med diverse jobbar, som til dømes å huske URL-adresser, autoutfylle skjema og liknande. Me jobbar med løysingar for deg som vil velge kva kakesmuler du vil skal lagrast, men per no er det opp til deg å manuelt gå inn i nettlesaren og slette eventuelle smular der. 

 

Våre tredjepart-aktørar er som følger: 

ConvertKit
Her vert e-postadressa di lagra slik at du kan delta på evt. kurs, og me kan sende deg oppdateringar. 

Les om ConvertKit sine personvernreglar her.

Dine rettar

Personvernlova er di lov. Det er den loven som beskyttar dine personopplysingar og informasjon.

Din rett til privatliv er skriven ned i form av eit knippe rettar som bedrifter har plikt til å tilrettelegge for.

 

Dei viktigaste er:

Retten til innsyn

Du har til ei kvar tid rett til å be om innsyn i kva informasjon ei bedrift har lagra om deg. 

Retten til korreksjon

Du har rett til å korrigere informasjon som er lagra om deg dersom du meiner den gir eit uærleg eller feilaktig bilete av deg som person. 

Retten til sletting

Du har til ei kvar tid rett til å be bedrifta slette informasjon om deg, dersom formålet ved lagringa er utgått eller du meiner dei har fått informasjonen utan ditt samtykke. 

Alle bedriftar pliktar til å etterkomme brukarar sine rettar, med mindre det vil påvirke rikets tryggleik eller ein pågåande rettssak. Informasjonen skal giast til deg i eit tilgjengelig format og innan 14 virkedagar (med nokre unntak) etter førespurnad. Ved førespurnad av sletting har bedrifta plikt til å gi beskjed til eventuelle tredjepartar som også har lagra informasjonen.  

Ta kontakt

Har du spørsmål vedrørande personvernserklæringa, eller ynskjer å be om innsyn, sletting eller retting? 

Send ein e-post til behandlingsansvarleg på barnekvardag@gmail.com

bottom of page