top of page
Bilete av ein mamma med mørkt hår som held babyen sin i eit raudt bæresjal. Bilete er tatt ute, det er haustløv på bakken og tre rundt mor og barn i midten.

Hei!

Bak Barnekvardag står Ingvild Eide Leirfall. Mangeårig journalist, ganske mykje ferskare mamma. 

 

Her finn du svar på praktiske tips og triks som ein kanskje elles berre får svar på i lukka grupper og forum, eller frå vener og kjende som har barn.

  • Facebook
  • Twitter
  • LinkedIn
  • Instagram

Journalist og mamma

Hei, eg heiter Ingvild Eide Leirfall og driv Barnekvardag.

​

I januar 2021 vart eg og mannen foreldre for første gong. Me hadde så uendeleg mange spørsmål, kvar einaste dag - men kven skulle me spørre? Kva kjelder var gode og oppdaterte - og ikkje dømmande?

​

Barnekvardag blei svaret mitt på dette. Eg som er informasjonsjunkie og gjer research dagen lang, veit kor overveldande det kan vere å google svara på tinga ein lurer på. Som journalist og utdanna i historie, har eg likevel fordelen av å ha gode rutinar på kjeldekritikk og å finne påliteleg og god informasjon. 

​

I Barnekvardag vil du difor finne informasjon frå gode kjelder, presentert på ein enkel og lettfatteleg måte. Og her er lista superlåg: ingen spørsmål er for dumme!

​

Draumen er å laga ei slags bruksanvising til deg som skal bli forelder for første gong. 

Di bruksanvisning

Ideén om Barnekvardag kom ein gong på tampen av svangerskapet, då eg brått hadde titusen reint praktiske spørsmål og ingen vener (me var dei første i gjengen som fekk barn) eller barselgruppe å spørje (hei, korona). 

​

Sjølv om ein ikkje eigentleg kan gi ein bruksanvisning på kva ein gjer med ein nyfødd baby, var det det eg ville ha. Barnekvardag er svaret på dette. Ein plass der eg som journalist, historikar og generell informasjonsjunkie har gjort researchen og kvalitetssjekka den, så du slepp å google og bli stressa.

​

Saman blir me kanskje den mest opplyste førstegongsforeldre i historia? Me kan drøyme!

Kontakt

Innboksen min er alltid open for spørsmål og tankar, så del send gjerne ein melding på Instagram eller på e-post!

bottom of page