top of page

Bli bæreseleproff på ei veke!

Nettkurs med videoar:

Kom i gang med bæresele på under ei veke

Alle nybakte foreldre må kunne bæresele, er min påstand. I alle fall for å gjere livet enklare, både fysisk og psykisk. Men korleis gjer ein det eigentleg? Korleis får eg det behageleg?

Bli med på Bæreselecamp der du lærer å bli proff på bæresele på ei veke - eller fortare om du vil. Perfekt for deg som er gravid, partnar, besteforelder, venn eller barnehagetilsett.

 

Babyar vil bli holdt! Gjer det enklare for deg sjølv med bæresele.

Du vil lære:

Kven er eg?

Eg er Ingvild E. Leirfall. Journalist og tobarnsmor som har brukt bæresele og bæretøy nesten kvar dag i tre år. Stort sett fleire gonger til dagen.

Eg har testa det meste av bæreselar og mykje anna bæretøy, og me har hatt (heilt ærleg anar eg ikkje kor mange) omtrent 30 bæredingsar i huset. 

Eg meiner at er det EIN babydings du skal ha, så er det bæretøy. Det er utan tvil vårt aller mest brukt babyprodukt og eg anar ikkje (!) kva eg skulle gjort utan.

Bæresele har verkeleg vore ein livreddar i babytida og toddlertida for oss - og eg vil at du skal få det samme verktøyet i ditt barnekvardags-liv!

Kjenner du deg igjen i noko av dette, så må du bli med!

  • Du eller partnaren din er gravid.

  • Du tør maks å gå fem minutt heimefrå med ein baby som hatar å ligge i vogna. 

  • Du slit med kveldsuro og gråt som ein ikkje veit korleis ein skal stoppe og ein blir gal av å ikkje greie å roe ned. 

  • Du har vondt i armar og rygg fordi du har ein klistremerke baby eller toddler som treng mykje nærheit.

  • Du har ein nyfødt, men skal også henge med på storesøsken sine ting.

  • Du  slit med å få ungen til å sovne eller hjelpe  hen å sovne vidare om hen våknar for tidleg frå dupp og er sur.

  • Du vil ha friheit til å gå der du vil, også stader som ikkje er heilt hjul-vennlege som skog og mark (eller bare t-banen og trikken i Oslo).

  • Du har barnehagebarn som er sliten etter ein lang dag og treng kos og nærheit, men du må eigentleg få handla og laga middag.

  • Du blir gal av at du ikkje får rydda, gjort husarbeid, jobba og flytte (!) fordi du alltid har ein baby i armane, eller eit barn som stikk av om du set dei ned.

  • Du er partnar og har lyst til å hjelpe å avlaste, når baby eigentleg berre ville ha pupp og den fødande.

  • Du slit med å få amma babyen din og blir  gal av at baby nektar. Amming i bæretøy kan sikra ungen din næring og di psykiske helse, når baby har kveldsuro, er for distrahert til å die eller har brystvegring. 

  • Du må legge storesøsken og baby åleine, og får angst berre av å tenke på det.

  • Du skal reise med fly, kanskje åleine, og skjønner ikkje korleis du skal få med deg alt og baby.

  • Du føler på at du ikkje strekker til, og vil gi både storesøsken og baby nærheit og connection - samtidig.

 

Bæresele har verkeleg vore ein livreddar i babytida og toddlertida for oss - og eg vil at du skal få det samme verktøyet i ditt barnekvardags-liv!

Du får:

Nettkurs

Tilgang til nettkurset Bæreseleguiden så lenge kurset finst. Ferdiginnspelte videoar med svar på ofte stilte spørsmål, klassiske feil og korleis du rettar det opp, tips og triks, kva du gjer viss baby gråter, litt om ulike bæretøy og alder og bruksområder, amming i bæretøy, kjøpetips m.m.

Fellesskap i Facebook-gruppe

Siden dette er lansering av ein bootcamp blir du med i ei eiga Facebook-gruppe for gjengen, der du kan stille spørsmål. Der blir det også live-sendingar kvar dag i ei veke (fem dagar): 15. - 19. januar. Etter det har du tilgang til opptaka.

Bonus:

Bæreselekjøpeguide

Konkrete tips til deg som skal kjøpe bæresele enten det er til nyfødt, 2-åring eller 5-åring.

Bæretøyguiden (E-bok)

E-bok for deg som enkelt vil komme i gang med bæretøy, med konkrete tips, informasjon og tips for bæreselar for nyfødt.

Innhald:

- Kvifor bæretøy?
- Kom i gang med trygg bæring
- Justeringar

- Ergonomisk stilling i bæretøy

- Val av bæretøy

- Posisjon i bæretøy: Dei ulike posisjonane, når og kva må ein tenke på?
- Bæretøy for nyfødt: mine favorittar

bottom of page